Gå til innhald

…med lengting liv og song…

april 13, 2007

I går begynte eg ei rekkje med utviklingssamtalar. Det er det same som det me kalla foreldresamtalar for nokre år sidan… Eleven kjem saman med foreldra sine, for å snakka om korleis ting går, kva som er fint og kva som er problematisk, og kva det er lurt å ha fokus på i tida framover. Slike samtalar er fine og nyttige, men dei krev eit visst førearbeid. Helst skal ein møta med diverse dokumentasjo og med reflekterte notat i eit strukturert og ryddig klasserom…

Glad og fornøgd gjekk eg heim i fint vårver etter at samtalane for i går var vel i hamn. Då eg kom heim kjende eg kor energikrevjande det hadde vore, og kjende meg heilt tappa innvendig. Eg parkerte framfor fjernsynet. Då kom eg plutseleg til å tenkja på at i tillegg til å vera lærar var eg faktisk mor, og viss eg hugsa rett så skulle Halvard ha prøve neste morgon.

– Halvard, har du øvd til målprøven?”
-“Ja, litt…” – “Kva skal du ha om?”
– “Forskjellen på v og w på engelsk.”
“Kan du det då?” – “Ja, då…”
-“Kva meir?”
-“Om korleis alkohol og tobakk virkar på kroppen?”
– “Det kan du og?”
-“Ja, då…”

“- Men det er ein ting du må hjelpa meg med, dette…”

Han spelar fingerspel på gitar, men eg er for sliten til å skjøna kva melodi det skal vera.

-“Har du lekse på gitar?”
-“Nei, men eg må kunna denne songen utanåt. “No livnar det i lundar,” og eg har gløymt teksten att på skulen. Kan du han?”
-“Ja.”
-“Eg skal kunna første og andre, femte og sjette verset: Koss begynnar femte verset?”

Eg brukar logisk sans om kva som må vera femte verset. I den grad det i det heile tatt let seg gjera i eit så trøytt hovud…

-“Du vår med ljose dagar, med lengting liv og song?” –

-“Ja, det var det. Koss er det vidare?”

-“Du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong!”

Dette kan eg heldigvis, og slepp å tenkja på å leita i songbøker eller på internett…

-“Ok, sjette verset då?”
-“Då me med vigsla tunga, med kjærleik rein og klår…” – “Viglsa tunga??”
“-Ja vigsla tunga betyr…”
-“Eg bryr meg ikkje om kva det betyr, eg vil bare vita om det var sånn det var …”

Men sidan mor til Halvard er yrkesskada, klarer ho ikkje på trass av sterk grad av generell utmatting, å la vera å seia kva det betyr.

Til lettare irritasjon hos yngstemann får han i same andedrag vita kva “alt utan brest og sprunga” betyr …

Han har tydelegvis oppdaga at ein lærer gjennom å synga, så til eit lettare improvisert gitarakkompagnement blir vers ein, to, fem og seks sunge om att og om att med hyppige pausar der mor må falla inn i songen fordi teksten stoppar opp.

I dag morges hadde eg fri. Dagen starta med fire fem rundar med fire vers av ein viss song.

Det har vore nydeleg ver ute. Eg prøvde meg med open dør mot gata, men nokon jobba med ein pressluftborliknande sak ute i nabolaget.

Halvard skulle på handballcup, og sidan bilen ikkje var heime, måtte eg og han bera all bagasjen til stasjonen etter at han hadde vore på skulen. Eg spurte om han hadde hugsa alle versa, men det var tydelegvis ei tilbakelagd problemstilling. Han trudde han hadde hugsa, men heilt sikker var han ikkje.

Guten var glad og opprømt, og gledde seg både til tre timars togtur, handballturnering, og to overnattingar på ein skule i lag med kompisane sine. All ære vera lagleiarane, som brukar helga si på å sova i gymsal med femti ungar frå tolv til femten år.

Eg har brodert på Sunniva si bunad, raunbær og lyng, ferskvannsperler og vindkvervlar… Eg blir så ivrig at eg ikkje klarer stoppa, men nå fortel akslene mine meg at det vart i meste laget…

Eg gjekk innom onkelen min etter turen til togstasjonen. Han har veldig vonde kne for tida, men han hadde klart å koma seg ned kjellartrappa for å stella med sommarblomane han har sådd under varmelampar. Han hadde brukt fleire timar i dag på å gå rundt i hagen sin med ie krykke og så grasfrø i fleire av dei store blomsterbeda han har vore så glad i. Han sa at han innser at han ikkje kjem til å klara å stella den store hagen skikkeleg i sommar, så han må konsentrera seg om to bed. Han sa nokså usentimentalt at han lenge har visst at før eller seinare er det det han må gjera.

Og sidan eg ikkje klarer halda i stand mine, kanskje til saman ti kvadratmeter hage, så visste me begge at eg absolutt ikkje var rett person til å tilby meg å hjelpa med hagearbeid heller…

Eg plukka med meg mange påskeliljer frå onkel sin hage, den som framleis har mange og store bed. Ein del av dei rett nok med grasfrø oppå molda. Nå har eg har fordelt dei gule blomane i to vasar heime i stova. Kveldane er så lyse. Det er rett og slett blitt vår.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    «No livnar det i lundar», -med lengting, liv og song- og snart eg søv og blundar, gong etter gong…. Måtte bare tøva litt i natta, etter slike freske vårspark, på denne bloggen. Sommarvårvarmt på Jærstrendene i dag. Syster mi skal syna fram Jæren for svigermora si, på nær nitti. Denne helga er mor Aase komen til 2008-kulturhovudstaden, for første gong i livet sitt. Sundag skal damene bila over Jæren, og få seg ein sup av alt som er å sjå. Dei kjem med våren frå Skedsmokorset, i retning Hå gamle prestegard ved havet. Tenkte på det då eg las vårvinna di, Heidi. Det er visst aldri for seint å koma til gards, med lengting, liv og song- endog med brustne draumar. -Med vigsla tunga, med kjærleik rein og klår- alt utan brest og sprunga… Eg sprang med vår på tunga, på stranda våt og var. Om eg har blanda saman, ord og vers og rim, eg ber om blanke ark og lim- så eg kan vårnatt finna, for eigen halv maskin… Takk for påskeliljene og vårblomane, for første, andre, femte og sjette verset- av vårsongen framfor nokon. Så kan me grunna på tredje og fjerde verset- heilt til dagane og nettene er våre, heilt til alle ord vårteiknar helg og kvardag,- og me finn nøklane til livet, nøkleblomane til vårdagane,- og vårløysinga tek til i sjel og sinn.. Vårbroderi og vårtauser, «Vårnatt» av Tarjei Vesaas. Vårmirakel, sanneleg min hatt!! «Det er rett og slett blitt vår—» Har du sett kor allting sprett, haustar ein det ein sår- eller får ein lov til å dela, tankar ord og frø; om det spirer og gror, i kvar hage og på kvar bø? Ein får konsentrera seg om ei rad, eitt bed- om ein ikkje maktar to… Det er mykje livsvisdom i det, liksom i alt du skriv- det er fullt av liv! 🙂

  2. Heidi: permalink

    For ein vårtekst, Jarfeld 🙂 Her sprett det bokstaveleg talt av liv. Svigermor til syster di er heldig med veret! Eg lo høgt då eg las dette, men nå får eg ikkje fred for tredje og fjerde verset, kanskje eg må finna meg ei songbok.
    Forøvrig: men når vårsol i bakkane blenkte fekk han hug til si heimlege strand. Ha ein vidunderleg dag.

  3. Arne permalink

    Ja, våren er herleg! Men kan du, Heidi, eller Hallvard, forklara på ein enkel måte kva «alt utan brest og sprunga» betyr?

  4. Heidi: permalink

    Eeeeheeemmm, Arne. Eg må innrømma at omsetjinga mi er litt på gefühlen… Men altså, alt utan betyr heilt utan, brest
    seier seg sjølv og sprunga er det same som ein sprekk. For å vera sikker slo eg akkurat NÅ opp ordet i nynorskordboka og der står det ganske rett sprekk med eksempel «Ha ei sprunga i huda», så det kan eg seia neste gong eg sprekk på peikefingen etter å ha halde for mykje på med keramikk…
    Ikkje alltid så lett å vita kva ein syng… Forresten, mens eg har deg her… Eg har stor sans for nettprestar. Etter at eg hadde kommentert hos deg slo det meg at kommentaren min kunne misforståst. Av og til blir eg litt utydeleg i det eg eigentleg vil formidla. 🙂 Det er ikkje alltid meininga blir utan brest og sprunga… 🙂

  5. Heidi: permalink

    Jarfeld:
    Av og til jobbar hjernen langsiktig, eg fekk aldri slått opp i noko songbok, men klokka tre i natt vakna eg og hadde vers tre og fire krystallklart i hjernen…
    Guds kyrkja lysa skulle og
    …Den sol vel alltid lyser, den so gjeng aldri ned…» Ehh nå vart eg litt usikker på koss fjerde verset begynnar, men i natt klokka tre… då var det på plass…

    hyser…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: