Gå til innhald

Ramnar i natta.

april 15, 2007

I den vesle byen min blir tenåringsforeldra med jamne mellomrom sende ut nattestid i gule og svarte allvérsjakkar med ein brodert ramn på den eine overarmen. Tre og tre eller to og to skal me så patruljera gatene, vera til stades for ungdommen, og snakka med dei som treng nokon å snakka med.

Sjølvsagt er dette ei fin-fin ordning, og i går var til og med véret lyst og mildt. I regn og kuling kan slike netter bli ganske lange.

Ikledd dette solide klesplagget, tilpassa vestnorske klimatilhøve, er ein plutseleg blitt ein annan.
Det må vera omtrent slik det kjennest å gå rundt i politiuniform, frelsesarméuniform eller munkekutte. Me er ikkje først og fremst ei gruppe vaksne på veg gjennom byen, me er natteramnane, og er innlemma i eit mystisk fellesskap av folk som passar på.

Det var vel fjerde gongen eg var ute på denne måten, og kvar gong er det bare godord å høyra. “Der kjem natteramnane, det er greie folk,” og “Kom og pass på oss ramnar.” Nokon fortel meg at når dei blir vaksne vil dei og gå natteramn fordi det er viktig at vaksne bryr seg.

Det vart ei fredeleg natt. Det er mindre ungdommar ute enn forventa, og bortsett frå ein episode med heftig naseblod ser me ingen skader. Ingen ser ut til å vera under femten år, dei skal sendast heim om me ser dei.

Ein godt vaksen mann fortel meg ved fleire høve at han leiter etter tre ting, røykpakken, lightaren og ei dame. Dei to første tinga finn han etterkvart i lommane sine, og den tredje tingen held eg på at eg dessverre ikkje har nokon autoritet til å hjelpa han med.

Og dei patruljerande politifolka fyller meg med beundring. For ein del er det tydeleg status i det å ta kontakt med politiet og konversera med dei. Tålmodige og venlege tek dei i mot det meste av det ein litt respektlaust kunne kalla fyllerør, og svarer så godt dei kan på alle merkelege spørsmåla dei får.

Som vanleg kjem det elevar eg hugsar frå tidlegare og vil snakka og klemma, og det er kjempekoseleg. Stort sett oppfører folk seg skikkeleg. Nokre prisar våren med å gå i korte miniskjørt og sandalar, og ein kan observera både gutar og jenter med bare armar og til dels skuldre. Det ser svinkaldt ut men så lenge det er vår, og ein er ung og vakker er det kanskje verd det?

Det eg opplever som trist, er at det ser ut som om nokon må ha så veldig store mengder alkohol for å kjenna at dei er glade og levande. Eller dei har bomma litt på rasjonane, det kan jo absolutt henda. Nokre legg seg ned på gata, eller på ein benk for å henta seg inn litt, medan andre spyr i smuga. Heldigvis har dei fleste som blir dårlege med seg nokon som kan hjelpa dei. Det ser ut som om dei fleste ungdommar tek godt vare på einannan.

Gatebiletet midt på natta natt til laurdag er veldig forskjellig frå det det er ein gjennomsnitts tysdag ettermiddag. Folk ser einannan på andre måtar, og tek dessverre fri frå vanleg skikk og bruk på ein del område. Torget er grisa til med papir og knuste flasker, og eg lurer på om nokon har som fast jobb å feia og spyla gatene sundag morgon.

Men hjarta ser ut til å vera mindre tildekka og kontaktbehovet større. Livet er ein sårbar og skjelvande ting, og mange kjensler fyller gatene midt på natta.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Natteramn

    Natteramn,
    ei lita helsing til deg i natta,
    der du glir fram
    for å spana katta
    I uniformen blir du ein annan
    og klemmer dei
    som du kjende før,
    nikkar, ler,
    samtaler, ser?

    Eit smil, ei helsing
    til unge sjeler,
    ein prat, ein tanke
    til kvar som kjem
    Så veit dei vel
    at de er på vakta,
    til hjelp for nokon
    som treng ei hand

    Natteramnar,
    gule, svarte, blå
    flaksande mot mørket
    Takk at du er der,
    takk for di støtte
    til dei som ligg der
    i rennestein
    Samaritanar
    av beste merke,
    de gjer ein jobb
    som er god som gull!

    Ja, Heidi, livet er sanneleg ein sårbar og skjelvande ting, og dei mange kjenslene som fyller gatene midt på natta- er det få som vågar gjera noko med. Å vera tilstades midt i livet, der ting skjer- er kan hende det viktigaste av alt..
    Tenkte at de fortente eit dikt, de ramnar i natta- takk for omsorg for barna våre, for medvandring og tankar om livet og smerten gatelangs…

  2. Heidi: permalink

    Ikkje kvar dag eg får eige dikt i posten, Jarfeld. Tusen takk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: