Gå til innhald

Adjø solidaritet?

mai 1, 2007

Då eg var lita, var det tre dagar i mai som skimra som perler. 1.mai, 17.mai og gebursdagen min.

Første mai gav meg barndomens første kulturopplevingar på utsida av hagen og heimen. Eg hadde to onklar som begge var ugifte, og som budde heime hos bestemor og morfar, der min eigen familie og budde på den tida. Begge to identifiserte seg sterkt med fagrørsla, og forguda i tillegg meg og bror min, sidan dei ikkje hadde eigne barn. Min aller tidlegaste barndom var omgitt av minst sju vaksne som til sånn omtrent ei kvar tid var der for oss to barna, men det er ein annan historie.

Første mai vart me altså kledde opp. Eg meiner å hugsa kjole, lakksko, kvit strømpebukse og kåpe. Så vart me plasserte i baksetet i onkel Magnus si gule folkevognboble med kurs for storbyen.

I byen var det musikk-korps. Der vaia det ærverdige faner i raudt og gull, og alvorlege menn marsjerte taktfast i tog, ikledde grå og mørkeblå gabardinfrakkar utanpå dressen. Nokre av dei hadde hatt. Eg kan faktisk ikkje hugsa at det var marsjerande damer, men det må det jo ha vore. Mannskoret Varden eller noko i den leia song arbeidersongar: “Kamerater, kamerater…” og “Den er vår, den er vår.” Seinare kom det unge langhåra menneske med i toget med ein heilt anna type faner. Dei ropte slagord som “USA ut av Indokina” og slikt. Men det må ha vore mange år seinare.

Etter toget fekk me pølser i brød, og gassballongar som flaug vekk av seg sjølv viss me ikkje haldt hardt i snora.
Kroneis med jordbær kunne det og vanka, men då fekk me beskjed om å ikkje fortelja det til bestemor, fordi det var så kaldt ute at me i verste fall kunne bli forkjøla av å eta is.

Etter ein uforståeleg tale for vaksne, var det barnefest i Bjergsted. Bare ordet Bjergsted var nok til å skapa ei lyrisk forventning i magen min, fordi det høyrdest så vakkert ut. Og så høyrde me på barn og vaksne som song, spelte musikk og las opp ting. Eg hugsar krystallklart ei jente som song “Pappa kom hem, för jag läntar etter dig…” Det var mitt første møte med Evert Taube. Eg hadde ikkje begynt på skulen, og eg forstod ikkje alle orda, men det var så vakkert at det kribla i meg.

I beste fall var ballongane med oss heilt til me sat i bilen og skulle heim att. Dei lukta av gummi og gass, og bidrog til eit av barndomens mareritt: Bilsjuka som ramma meg kvar gong eg skulle kjøra meir enn tre kilometer i bil.

Vel heime hadde morfar kokt sundagsmiddag, noko som ofte betydde kjøttkaker med tynn brun saus og ertestuing. Morfaren min, var ein på mange måtar uortodoks mann, som kokte middag kvar dag til familien.
Eg kan framleis sakna kjøttkakene hans, og arme riddarar som han steikte til oss barna om kvelden. Når me hadde ete, måtte eg oppdatera besteforeldra mine på kva eg hadde opplevd denne dagen.

Då eg var lita var Einar Gerhardsen ein stor helt, og arbeiderpartiet det partiet ein stemde på. Eg vart djupt sjokkert då farfar sa at han ikkje såg nokon grunn til å feira første mai, og då eg flytta ut frå besteforeldrehuset, og oppdaga at første mai for dei fleste av dei som budde i byggefeltet med alle dei nye husa, var ein heilt vanleg dag.

For meg har aldri første mai blitt ein heilt vanleg dag, men eg må innrømma at engasjementet har gått nedover. Som vaksen har eg både gått i første mai tog og teke del i ulike arrangement på dagen, men dei siste åra har det ikkje blitt slik.

Det er noko som for meg ikkje blir heilt truverdig når velfødde nordmenn i 2007 skal synga: “Opp alle jordens bundne treller, opp I som sulten knuget har…” Og det vekkjer ikkje gjenklang i hjartet mitt når kampsakene blir høgare løn og ein for ein kvar pris meir liberal abortpolitikk. Derimot er solidaritet noko eg kjenner ein djup lengt etter. Lengten etter å stå saman skulder ved skulder og ta ansvar i lag. Eg har i meg draumen om å skapa “ei anna tid, der det blir like fint å jobbe som å danse”. Eg drøymer om eit samfunn der ein hjelper dei svakaste aller mest, og klarer å setja eigne behov til sides. Eg drøymer om ei tid med solidaritet folk i mellom, og engasjement for å få til ei rettferdig verd og ei jord som blir frisk nok til å leva vidare.

Så fekk eg vist eit skriftleg minimum av samfunnsansvar dette året og, kanskje… For eg skal ikkje gå i tog… Og klessnorene mine heng fulle av rosa lilla og turkise jenteklede som ikkje vart tørre nok til å ta inn i går kveld. Men i respekt for onklane mine, og alle dei andre som har bygd landet, som det så fint heiter i festtaler, så skal eg nok kanskje stå i mot den moderat sterke trongen til å driva hagearbeid.

God første mai, kjære lesarar, anten de har tenkt å svinga raude faner eller ikkje.

Men kor gjer me av solidariteten?

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Heidi: permalink

    Kanskje er det relativt sjølvsentrert å koma med første kommentaren på min eigen tekst rett etter at han er skriven. Eg må bare fortelja at sidan eg har skrive mai-dagbok kvar dag dei to foregåande åra, så måtte eg inn og samanlikna. Då ser eg at me har tidleg vår i år. For to år sidan stod kirsebærtreet i knopp og bjørka hadde så vidt sprutte 1.mai. I fjor var det ingen teikn til bjørkesprett eller kirsebærblomar, bare ei og anna påskalilje. Og i år er det full bløming og grønt på alle tre. Me får nyta det.

  2. Torhild permalink

    Bravo Heidi! Du har kome lenger med vårvinna i hagen enn me har her….. eg har starta nedteljinga til eg skal avgarde på korfestival med 18 gilde jenter. Me flyr til Island 16.mai!!

  3. Heidi: permalink

    Spennande. Då blir det 17.mai på Island? Eg vil snart høyra lyden i flygelet ditt.

  4. Torhild permalink

    Du er alltid velkomen:)

  5. Om det nu går att kommentera…
    Här är våren inte alls så långt kommen, vi har en kall och mycket sen vår. så då hoppas jag at hinna lite trädgårdsarbete jag också, innan det är försent.
    Det är så märkligt att vi delar så många erfarenheter och minnen. Jag hade också nära kontakt med en morbror och en moster som bodde hemma, och blev bortskämd. Och morfar lagade mat, köttbullar var hans paradrätt! Jag har ännu aldrig fått så goda köttbullar som hans, och jag ser fortfarande i huvudet hur hans händer ältar köttfärsen i en gammal djup tallrik med en järngaffel. Det är en så stark minnesbild, i färg och allt.
    Första maj, att bli uppklädd, glass på stam som var en sällsynt lyx… så mycket jag känner igen!
    Det där med solidaritet är också något jag funderat över och saknar på många sätt i dagens samhälle. Hur gick det till att det blev så jag-centrerat?
    Nu ska jag se om det här går att posta!

    • Det går. 🙂 Våren er ikkje kome langt her heller. Dette er ein gammal tekst frå fem år tilbake. Denne våren har vore den seinaste våren eg kan hugsa nokon sinne. Så koseleg å få ein kommentar. God mai til deg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: