8.mai:
“Korfor flaggar dei i dag, Heidi?” ville elevane mine vita i dag morges. Heldigvis er dei framleis nyssgjerrige nok til å spørja om slike ting, og eg fekk fortelja om frigjeringsdagen 8.mai 1945. Dei fekk i oppgåve å finna ut kor lenge det var sidan, og etter å ha rekna hardt i hovudet og på fingrane var det ein av gutane som hadde rett svar.
Då eg vaks opp, forundra det meg kor opptekne alle vaksne var av krigen, det var jo uendleg lenge sidan i mine tankar. Nå skjønar eg at dei seksten åra det hadde gått frå krigen slutta, og til eg var fødd, bare var som eit pust i historia. Sjernobyl-ulukka, som hende for 21 år sidan står skarpt i minnet mitt som om det var i sist månad eller noko, og det same gjeld mordet på Olof Palme.
Men i dag skulle eg og elevane mykje lenger tilbake. Me laga steinalderbustadar av stein og skinn og greiner og pinnar. Dei praktiserte den utruleg vanskelege kunsten å få til eit samarbeid. Litt knuffing og misnøye vart det, dei er ikkje større endå, men til slutt hadde alle gruppene laga eit arbeid dei var tydeleg stolte over. Dei mest kreative og fingernemme laga bittesmå steinøkser surra fast til trepinnar med brunt ullgarn, og bittesmå klesdrakter av skinn til piperensarbefolkninga me skal laga i morgon.
Så var det å reia opp senga til Jeppe, før eg og Jan Ivar unna oss eit lite måltid på kinarestauranten. Så var det øving i tre timar og rydding i førti minutt. Me er sånn passe galne, som har gått i gang med eit langt og ekte teaterstykke med massevis av tekst og ganske innvikla samspel med ei gruppe ungdomsskuleelevar.
Ungdomar i femtenårsalderen har den faste overbevisninga at det meste ordnar seg. Det er ingen grunn til å stressa, ein får det til til slutt. Framleis manglar mykje tekst og regi, men me skal øva hardt i helga. Me har 22 dagar på oss før det heile skal visast fram. I elevane sine hovud er det uendeleg lenge…
Kleda mine heng søkkvåte på klessnora for tredje dagen på rad, og lupinfrøa ligg framleis i ein kopp med vatn. Sola kjem nok tilbake…
I går svarte eg ja til å vera forteljar på ein stor festival i sommar. Det er venta å koma 3000 menneske dit. Eg skal øva inn ei lang forteljing som skal forteljast over fire dagar, og saman med ein gjeng andre skal eg gå rundt på festivalområdet og fortelja til eit par hundre menneske om gongen. Tanken på dette kitlar litt i magen, men eg gjorde det same for to år sidan, og det var ei spennande utfordring.
Så gler eg meg til USA- og Canada-turen i juni og juli. Noko av det eg gler meg mest til er å skriva reisedagbok. Eg har tenkt å skriva kvar dag på den berbare PC-en me skal ha med og leggja ut fortløpande på andedrakt.
I kveld har eg kjøpt billett til Odd Christian som kjem heim allereie i morgon kveld. Han sit på ein hybel og les til ein stabel eksamenar, og hadde lyst på eit lite miljøskifte. Det er alltid kjekt å få han heim.
Nå er det kveldsmat og nedtelling til natta. Eg vel å ikkje leggja merke til at eg har fått litt vondt i halsen. Fleire av kollegene mine er småsjuke.
Heidi
Jag gläder mig redan till resedagboken!
Det gjør jeg også 🙂
Er som en reise å lese dine tekster 🙂
Takk for 2 flotte timer sammen ,ed keramikk og nydelige 10 åringer. Vi jobber godt i lag – og ungene storkoser seg i den energien som oppstår! Er sp uendelig glad for at du finnes og for at du er min søster 🙂
Takk Tintomara, og takk i like måte may Brit.
Tsjernobyl ja,… eg har ein elev som fagfok meiner har skader som har med å gjera at mora var gravid når det gjekk gale i kraftverket….og eg så trudde det var så langt vekke frå oss og at det aldri kom til å råka meg på noko vis……
Eg vart redd eg då eg med stor gravid mage hadde vore ute heile dagane i Oslo der me budde då, og fekk høyra etterpå at gravide og småbarn kanskje burde ha blitt advarte om å halda seg innomdørs.