Gå til innhald

Sjå det, ja…

mai 9, 2007

Nå er kleda frå klessnora tørre, og dei ligg til og med til dels på plass i skapet. Den som ventar på noko godt…

To timar keramikkundervisning er ein god måte å starta dagen på. Å sitja der i lag med ein liten gjeng ungar og filosofera over livet, medan ein leiter etter fantasidyr som har gøymt seg inne i leirklumpen, kjennest ytterst meiningsfylt.

Og siste timen i dag hadde eg eigentleg fri, men eg tok med meg ei lita gruppe på kjøkkenet for å baka sjokoladekake. Av og til er det fint å ha god tid til å prata og visa omsorg for nokre få om gongen. Læraren sitt største dilemma er ofte dette at ein ikkje er blekksprut, men helst burde ha vore det… Visst er det intenst og krevjande og travelt å jobba med ungar, men alle de som ikkje gjer det skulle bare vita kor mykje levande liv, humor og innsyn i ei anna verd de går glipp av…

På planleggingsmøtet planla me turen til ein lokal steinalderbustad. Nå håpar me bare at Jens, den teaterkyndige sivilarbeideren vår, synest det er ein god idé å sitja i hola iført eit skinn i rolla som steinaldermann når barna kjem…

Vel heime laga eg og Ingrid middag i lag. Ho er veldig flink til å laga kjøttkaker etter eit kokkekurs hos morfar, så det tok ho seg av, medan eg ordna poteter, saus og erterstuing.

Kjærasten min er og hentar Odd Christian på toget akkurat nå. Viss han har lyst på kjøttkakemiddag klokka elleve om kvelden, så står han klar på komfyren. Det blir fint å sjå han att.

Viss eg skulle dela ut tre roser i kveld, så ville døtrene mine få ei kvar, og syster mi den tredje. På kvar sin måte har dei sett farge på dagen min. Systrer og tenåringsdøtre er fine greier…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    Ein skulle berre seia amen- og så slutta av. Men det må delast ut ei rose til- mairosa går til—– Heidi!!! Du har meir innsikt i livet enn dei fleste- trur eg. Somme av oss blir aldri heilt «vaksne» og har godt av å lesa og lytta til dei som verkeleg kan fortelja…
    Slike som du, ordrosa i mai er di- kjenner meg trygg på at mange er samde- AMEN!

  2. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Yepp, Jarfeld – alldeles einig!!!

  3. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Kan bara instämma med Jarfeld och Torhild 🙂

  4. Ukjend's avatar
    RaTo permalink

    Og eg og! Du viser oss gjennom tekstene dine at jo meir du er villig til å gje til andre, dess meir vil du få. :o)

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Å, så glad eg blir. Spring ned og hentar vase 😉

Legg att svar til Jarfeld Avbryt svar