Higgstilva.
I ettermiddag reiste Astrid og eg for å besøkja Torun som var på besøk heime hos foreldra sine. Ho bur ein annan plass i landet,. så eg må bruka ein kvar anledning til å få vera saman med henne. Medan eg sat i møte for å vurdera læreverk i norsk fekk eg sms frå henne: Det blir tur, ha med regnfrakk og higgstilva.
Tida var knapp, og støvlane mine har eg ikkje sett på lenge. Eg sende derfor melding der eg bad om amnesti frå turar i støvleterreng, og bad tynt om ein joggeskovennleg spasertur.
Me gjekk langs ein grusveg til me kom opp i høgda og såg det bleikgule landskapet strekkja seg vestover heilt til storhavet. Det lukta bjørk og fuktig jord og alle dei nye lamma var ute og vifta med halane sine i yr glede. Det var godt å bruka ein ettermiddag på noko anna enn jobb og husrydding. Eg kom til og med over ein busk med halvutsprungne syrinar som lukta forsommar. Våren er verkeleg langt komen til bare å vera 10. mai.
Torun inviterte til eit Herremåltid i kjellarleiligheita til foreldra. Ho hadde handla grøne salatar, norske kirsebærtomatar, vårløk, oliven, fetaost, kvitløksfedd i lake, babymais, skinke, sylta mango, pinjekjerner og miniagurkar. Til dette serverte ho dikt av Rolf Jacobsen.
“Det er i gråsonene du har livet ditt.”
På veg heim var eg innom ein butikk, og møtte Lise som inviterte meg inn i den nye bustaden sin. Det var lyst og fint, og godt å sjå kor ho haldt til.
I morgon har eg meir eller mindre fri. Det skal nytast.
Eg skal kosa meg med Odd Christian og jobba litt teater med Jan Ivar. Me skal jakta på eit stetoskop, ei pelskåpe og ei lang mannfolkunderbukse… Mellom anna…
Heidi
Men VAD är en (ett?) higgstilva?
Jag vill tacka livet…….heldige me som får kvardagsperler! Maren og mora har eit fast uttrykk for usedvanleg god mat: Fruemåltid!!!Eg har fri og skal måka hus + øva islandske tekstar:)
Hei Tintomara! Det heter egentlig (vann)støvler – og er slikt fottøy du bruker når det regner!
Ja, eit høgst lokalt dialektuttrykk for gummistøvlar. Blir ikkje brukt av andre enn personar på over sytti som bur litt lenger sør enn meg…
Torhild: Ja, du seier nok fruemåltid. 😉 Du får kvinna deg opp til måkinga.
Hehe….vanskeleg å riva seg laust…var nettopp inne på vg.no og las bloggen til ein vaksen mann som hata faren sin….her er mange som lever med mykje vondt… Igår snakka eg med ei som var hekta på tekstane dine, Heidi!Ho bruka dei som deglege oppmuntringar! Klart tekstane dine verkar slik – så spill levande som du lever livet!!
Egalias døtre kvinner seg stadig opp….dessutan kjenner eg ei råflott pelskåpe som du kanskje kan låna….
Torhild:
Di pelskåpe? Eg tenkte på Egalias døtre i dag eg og. Kanskje eg må blogga litt om språkleg medvit. Har send mail til deg. Ja, dette er farlege greier, tida går fort i selskap med bloggar.
«Högstövlar», alltså?
Ja, heilt rett Sara 🙂
Jag bara njuter 🙂