Gå til innhald

Kaninpels og lange underbukser.

mai 11, 2007

Eg starta dagen med Sunniva på besøk under dyna mi. Ho kjende seg ikkje frisk, og hadde vondt i hovudet og vondt i magen. Eg håpa at ein paracet og litt varme ville helbreda det heile, men det enda med at ho fekk velsigning til å gå og leggja seg att. Ho er ei jente som er på farten heile tida, og kanskje var ho rett og slett litt for sliten? Nå i helga skal ho ha øvehelg både med dansegruppa og teatergruppa i tillegg til å ha overnattingsbesøk. Heldigvis ser det ut til å gå betre nå når ho har fått sove heile føremiddagen.

Før me fekk stått opp kom Ingrid og, ho fortalde levande om jobbintervjuet på ein skobutikk i går,msom førde til at ho plutseleg var ansatt, og fann seg sjølv på jobb i eit stort og innvikla sko-lager… Når Ingrid set i gang med å fortelja om ting ho har opplevd er det bare å gje seg over og le høgt.

Etter å ha prøvd å læra Halvard tre vers av “Norge i rødt hvitt og blått” medan han åt frokost, fordi eg oppdaga på planen at han eigentleg skulle kunna det til i dag, var det på tide å ta ein kopp kaffi.

For å markera at me har gullguten heime på besøk, starta eg dagen med å baka sjokoladekake i langpanne. Eg hadde gløymt at steikeomnen vår er skeiv og må byggast opp under med tresleiver for best mogleg resultat. Dette førde til at halve kaka vart brent, men bakinga kvalifiserer vel likevel kanskje til eit par husmorpoeng?

Så får eg ein telefon der ho som ringer minner meg om at eg deltok i ein salmekonkurranse for eit år sidan. Jo, det hugsa eg då… Nå hadde dei plukka ut elleve salmer som dei skulle bruka på ein stor konsert på dei nynorske festdagane og mi og Johanne si bryllaupssalme var ei av dei. Ein musikar var i gang med å laga eit korarrangement, og ville gjerne snakka med meg. Så langt alt heilt eineståande. Fem minutt seinare ringer musikaren. Han lurer på om eg har lyst til å snakka med ein høgskulelektor i norsk som hadde eit lite forslag til forandring. Ja, spennande det, såklart…

Eit minutt seinare ringer språkprofessoren, eller kva han nå var for å oppmoda meg til å endra setninga “Signa dei du”, til “Signe dei du.” Dette fordi signa er imperativ bydeform medan signe er konjunktiv, som er ei audmjuk ynskjeform. Eg sa at det var interessant, og at eg er veldig språkinteressert, men at dette var heilt nytt for meg. Eg hadde ein lengre språksamtale med professoren som tydeleg gløda skikkeleg for sitt fag. Slike opplevingar gjer dagen eit visst surrealistisk preg, som eg har veldig sansen for… Kor ofte blir ein oppringt av ein ukjend professor som vil diskutera språkbruk, liksom…

Jan Ivar og eg har vore på skattejakt for å finna alt Jeppe på Bjerget har bruk for. Han skal få kaninpels frå Fretex for 125 kr, og me har kjøpt ei lang herreunderbukse som skal klorast, gnist mot ein murvegg og skvettast kaffi på for å få den rette patinaen. Me har og skaffa han kvite sportssokkar, Hawai-skjorte og grå terylenbukse…

For å feira at eg har fått løn, og har pluss på kontoen igjen, har eg kjøpt meg ei bok eg har hatt lyst på lenge, “Løvekvinnen” av Erik Fosnes Hansen. Eg gler meg til å få tid til å lesa.

Odd Christian antyda at han godt kunne tenkja seg å bli invitert på kinesisk restaurant, så der har me vore eg og han… Me har diskutert mystikk, klosterliv, reformasjonen og stigma. Han les til fleire eksamenar, mellom anna ein i KRL, og sa at ein av grunnane til å koma heim i helga var å sitja i fred og ro og lesa… Nå har han sove lenge, drukke kaffi med meg, snakka lenge med syster si, vore ute med ein kamerat, og i dette nu spelar han gitar i underetasjen… Og akkurat nå høyrer eg eit klingande bergensk “Halloæn!” og så står han her og les over skuldera mi. Viss han ikkje krever dette radert, så tek eg det som ei godkjenning på at eg får lov til å skriva om han…

Han seier han har ein del sider han skulle ha printa ut, men skrivaren min er tom for blekk, så han får fri til faren sin. Nå skal Sunniva få lasagne, og eg skal henga meir klede ut i den kalde nordavinden. Kanskje eg til og med får sådd lupinfrøa, som har begynt å spira i vannglaset, før eg skal på litteraturgruppe om to timar?

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    Når alt skjer på ein gong, er alt eg kom på då eg las kåseriet i dag. «Kanskje eg til og med får sådd…før eg skal på….. » Ja, eg trur du får sådd frø og ord frå morgon til langt på natt, innimellom telefondrøs, klesopphenging, kinarestaurantar, djupe samtalar, viktige øvingar, middagslaging, påminningar, «Løvekvinnen»(er det d–?), skrivarar, musikarar, språkprofessorar, skobutikksoger, sjokoladekakebaking i skeiv ovn (hm..), sjuke ongar, kaffidrikking og hundre andre ting. Ja, takk, alt på ein gong! Signe maten, leve litteraturen! H-bloggen er best!

  2. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg er då heilt usamd med professoren! «Signa dei du» klinger mykje betre – og når me ynskjer noko veldig sterkt, må det vera lov å nytta imperativ-formen!!! Aldri gje deg!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, det kling betre, og det var han heilt enig i, men det var altså grammatikalsk feil. Gud signe vårt dyre fedreland og signe maten. Signa då Gud vårt folk og land, signa vårt strev og vår møda, er ein uforståeleg språkleg glipp som har dukka opp i nåverande salmebok, men skal lukast vekk… Nei, nå vart eg litt usikker, for eigentleg kling jo signa mykje betre, og kor mange promille av dei syngjande vil sjå at det er feil?

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild: Og sjølvsagt la eg meg flat. Ein har då respekt for autoritetar…
    Jarfeld:
    Signe maten, leve litteraturen!
    Enig og tro til Dovre faller. 😉

  5. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Nei og nei…..då må jo den vakre konfirmasjonssalma di radbrekkast….

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Har ikkje tenkt å fortelja autoriteten om den.

Legg att svar til Jarfeld Avbryt svar