Gå til innhald

I midnattstimen,

mai 26, 2007

då mørkret omsider hadde pakka seg kring huset mitt, sat eg på kjøkkenet mitt i lag med Sunniva og Vilde og åt tomatsuppe. Dei hadde vore på Saron, og kom svoltne heim, og eg var svolten eg og. Me varma kvitløksbaguettar i steikeomnen, og me kokte makaroni i ei lita gryte. Det lukta så godt.

Dei to jentene diskuterte musikk og lovsong, med og utan løfta hender, og dei diskuterte russetid med og utan alkohol. Heldigvis er det framleis ei stund til russetidproblematikk for deira vedkomande…

Og me har vore på teater og kost oss med “Då Hana møtte henne,” ein fin og underfundig cabaret om alt som dirrar mellom menn og kvinner.

Flyet var i rute slik at kjærasten min nådde teateret og me kunne feira bryllupsdagen vår i saman der. Heimvegen gjorde me til ein omveg langs strendene. Det var så fint lys i kveld, og det var lyst ute til langt på natt.
Me har sklidd mest umerkeleg inn i den lysaste delen av året. Det har ikkje vore nokon sommarvarme endå, så det kjennest litt uverkeleg at det er så sommarlyst.

Ingrid sit barnevakt for vesle Hedvig. Eg har lova å henta henne klokka to. Trur eg treng ein kopp kaffi slik at eg held meg vaken.

I morgon får me sleppa ut stareungen. Eg trur nemleg at det er ein stor stareunge Halvard har bore med seg heim. Truleg er han ikkje skadd, bare ikkje så driven i skrivekunsten endå… Den eine katten står heilt oppglødd og mjauar framfor døra og vil inn til fuglen…

Eg er fascinert over at eg faktisk kan skriva på pc utan å sjå på tastaturet, for det har eg aldri lært meg via noko system. Eg ville vore heilt ute av stand til å teikna inn korleis bokstavane ligg på eit tastatur, likevel finn fingrane mine fram tilsynelatande heilt mekanisk. Hjernen er ein snodig sak.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Villanda permalink

    Gratulerer med brylløpsdag og overstått bursdag!

  2. Heidi: permalink

    Villanda:
    Tusen takk 🙂
    Eg er innom reiret ditt omtrent kvar einaste dag. 😉

  3. Jarfeld permalink

    Fryktar for at eg og mange andre er blitt avhengige av å lesa denne bloggen, kvar dag. Det står så mykje med meining i her, til inspirasjon og ettertanke. Kva gjer vi eigentleg utav liva våre, kor vart dei av alle desse dagane som me skulle bruka til så mykje? Fann trøyst i den omtala midnattstimen i går, då ringde plutseleg ein kar frå innlandsisen på Grønland. Han hadde ennå fire timar på seg til grønlandsk midnatt og var oppgløtt over eventyret han fekk vera med på. Så smitta entusiasmen hans over på oss her i stova, slik det ofte gjer når me les om månen, bjørka, hamstrar, fuglar, kattar, teater, menneskebarn og tusen og ei natt i Heidivegen ein stad på Jæren. Der strendene skin imot oss i endelause, sommarljose netter. Her er det jettegodt at leva! God pinse, Heidi!!

  4. Heidi: permalink

    God pinse Jarfeld.
    Tenk så spennande det må vera på Grønland… Om ein slapp alt slitet og bare kunne nyta dei magiske sekunda…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: