Gå til innhald

Kveldslyset er utruleg nå i kveld.

mai 27, 2007

Eg ligg på magen på golvet hos Aller Kjæraste Syster og skriv på den berbare datamaskinen til Vilde Marie. Halvard, Vilde og Sunniva går og klirrar med magedansbelter frå Istanbul. På bordet er det oransje gladiolusar og brennande lys. Syster har og hanka med seg ei stor vannpipe frå Istanbul som står på eit bord i hjørnet. Ho har invitert meg til å prøva, men eg har takka høfleg nei…

Syster har nettopp guida meg litt i facebook, som eg til nå aldri har vore inne i. Eg trur framleis at eg skal stå over det kapittelet. Eg har jo mitt eige kryp-inn her på andedrakt. Før var det ankomst bare for inviterte men nå ynskjer eg velkomen inn med vidopen dør. Akkurat nå driv kjærasten min og syster instruksjon i korleis ein legg ut bilete på Flickr. Familien Datanerd?

Eg feira pinsedag med høgtidsgudsteneste i kyrkja. Det var fint, og postludiet løfta oss ut av romet og vidare. Eg har av og til intensjonar om å vera raskt heime att etter gudstenesta for å få maksimalt ut av resten av dagen, men eg klarer det aldri. -Og det er sikkert eit godt teikn…

Etter ein tur innom jobb for å henta litt forskjellige ting til småpusling i heimen, fekk eg melding på mobilen om at dei andre hadde dradd til golfbanen. Eg var så trøytt, og så sovna eg likegodt og sov i fleire timar. Kjærasten min vekte meg med wokmat. Kinesiske grønsaker, kjøttbollar og oksekjøt i saus av karri og kokosmjølk, eller noko slikt.

Dagens innsats for Jeppe på Bjerget var å gjera klar kjeledressen til rottefangaren. Eg har klipt ut bokstavar i raud filt og ei rotte i grå filt og sydd fast på ryggen. Det gav meg assosiasjonen til jakken eg hadde då eg var russ. Det var ein svart speilfløyeljakke med namnet mitt i raude filtbokstavar og eit kristenruss-symbol i filt. Og det er faktisk meir enn 27 år sidan den kvelden eg sat heime på romet mitt og sydde det på.

Eg har sett film i lag med Sunniva, Halvard og Vilde. Eg elskar å pakka meg tett saman med ungane mine i ein sofa med tepper og puter rundt oss på alle kantar og sjå film.

Den ikkje heilt uventa sorga til morgonen i dag, var at fugleungen låg død i buret. Eg hadde ei kjensle av at me trass iherdig innsats på matingsfronten i går, ikkje kunne klara å overta etter foreldre med venger og instinkt for kva ein puttar i nebbet på gapande små dunkledde liv.
Eg hadde advart Halvard og sagt at dette hadde me ikkje særleg gode sjansar for å lukkast med, men han er optimist i det lengste.

Minneorda på den vesle kista denne helga var kort og fyndig og på engelsk: “We tried!” -og det gjorde me verkeleg, sjølv om eg trur den velse skapningen hadde hatt vel så store sjansar til å klara seg om dei hadde latt han liggja i fred på bakken der dei fant han.

Og eg har blitt fortald at i-poden eg fekk til gebursdagen min ikkje er ein i-pod, men ein mp3- spelar. Eg har aldri lært meg kva som er forskjellen. Kjærasten min har fylt han opp med musikk. Kanskje det er innan rekkevidde at eg lærar meg korleis eg gjer det sjølv.

Det er fri i morgon og. Andredagar er fine saker.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Velsigna er du blant kvinner, Heidi!Du veit der finnest eige krematorie og kyrkjegard for dyr på Gjesdal? Gildt å leva med i tekstane og livet ditt! Danmarksturen var ei god oppleving for Maren og foreldra hennar.No skal eg vera heime nokre dagar før eg tek tog til Kr.sand og jentetreff hjå Nita på torsdag:)

  2. Heidi: permalink

    Torhild:
    Så fint at turen var gild. Du er sanneleg på farten for tida. Eg skal og på tur til helga. Litteraturfestival på Lillehammer med læaraskulevenninner. 🙂

  3. Heidi: permalink

    Torhild:
    Apropos russejakken min… Hugsar du at du klipte panneluggen min 16.mai fordi han var så lang at du fann ut at eg ikkje kunne gå slik eg som var russ og alt… Sidan du aldri hadde klipt håret på nokon før, bestemde du deg for å vera forsiktig. Derfor tapa du ein tape som ein strek rett over, og klipte etter streken med neglesaks. Aldri har eg vore så nære på å gråta etter ein avslutta frisørtime…

  4. Torhild permalink

    Hm…..sikkert mange grunnar for at eg aldri vart frisør… Opplevinga gjorde nok meir inntrykk på deg enn på meg – sidan eg ikkje hugsar……

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: