Stillheten etterpå…
Jeppe er i havn, Jeppe er i boks, Jeppe er fullført, over og ut med Jeppe…
Etter å ha hatt veldig fokus på forestillinga, og to intense døgn med framsyningar, er nå stykket pakka ned. Det har vore sterkt, og det har vore fint. Ein kjem desse ungdomane så nær når ein jobbar saman om noko slikt, og det er vemodig å senda nokre av dei frå seg for alltid, fordi dei går av for aldersgrensa eller sluttar av andre grunnar. Eg er glad og eg er trøytt, og her er masse, masse å gjera, så det kjem ikkje til å bli kjedeleg. Likevel er det stille etterpå. Eg er takknemleg for å vera vel i havn.
Bananflueinvasjon i kjøkkenet. Eg bekjemper uvesenet med småskåler fulle av soyasaus som dei trekkjer mot og druknar i. Eigentleg likar eg ikkje å ta liv sjølv om det er bananfluer…
I dag har veret veksla frå strålande sol til lyn og toresmell rett over huset. Eg måtte slå av dataen og la vera å kikka ut vinduet. Nå skin sola att, og eg må ned å ta fiskepinnane, som ungane skal få til kvelds, ut av omnen.
Heidi
Heldige ungdomar som har hatt deg i livet sitt!
Soyasaus som bananfluedrepar var ny…. mitt tips er sprayung med utvatna salmiakk….. Eg dreg til Gardermoen på trusopplæringskonferanse i to dagar i neste veke – snart på tide med eit sommartreff før eg fyk sørover i slutten av månaden??
Ja, kjekt høyrdes det verkeleg ut, men korleis klarar du slikt kjør etter ei intens «litteraturkvinnevenninnehelg»? Og så til di fargerike og flotte venninne, Torhild: Ser deg på Gardermoen på kurs!
T+T
Heldige dokke som skal på kurs. Soyasaus er faktisk veldig effektivt. Ein sverm på sikkert tusen bananfluer vart reduserte til omtrent ingenting.
Takk for veldig flott helg, Torun. Var litt trøytt etter ei natt på nattoget, men det var jo eit energigjevande opphald…
Du är fantastisk som reder upp alt! Så fint att det gick bra emd Jeppe! Ta nu sommmarlov och ladda batterierna!
Ja, snart Tintomara, snart…
…du ska bara..eller? ❤
Precis, morsan, ska bara…