Gå til innhald

Ute på taket

juni 7, 2007

på den nye skulebygningen har me fått stolar og bord. Der sat me i matpausen og kjende at det var sommar.

Onkelen min fylde år, og me dekka til selskap i hagen. Då bløtkaka med norske jordbær stod på bordet, og grillen nettopp skulle tennast, kom regnet.

Det sprutregna. Kaka fekk me lokk på, men det plaska i tallerknane og spruta i kaffikoppane, medan bror min drog grillen så nære husveggen at flammane omtrent stod opp langs veggen. Chilipølser og wild west pølser frå Håland kjøtt sånn til festbruk…

Så var det bowlingkveld med klassen min og ein del av foreldra. Eg var på lag med fire av gutane og kom på tredje plass. Eg oppdagar til eiga overraskig at bowling er ganske kjekt, og elevane hadde ein fin kveld fredeleg sameksistens.

Så har eg vore i forening med den eine venninnegjengen. Dei eg kjenner frå gymnaset. Me har ete salat og spekemat på glastallerknar på lindegrøn duk med lijekonvallar i vase.

Og eg har fått ein nydeleg rosebukett med roser i ulike fargar bundne saman i lag med blåbærlyng. Nydeleg. Svart veske med blomar på har eg og fått.

Då Laila og eg kjørde heim var det så lyst og fint og små dottar av skodde låg i fordjupningane i landskapet. Som ein norsk lyrikar seier: “Da Gud ennå trodde på mennesket skapte han juninettene.”

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Ja, eg takkar Gud for juninettene! Høyrest deilig ut med takterrasse på jobb!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takterrassen var ei positiv overrasking. plutseleg hadde me bruk for han liksom…

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Det är mycket som händer nu! Dock inte i skolan, alal bara slöar! 😉
    Vad är skodde?

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det same som dimma. På norsk kan ein kalla det skodde eller tåke 🙂
    Ganske høgt tempo på skulen hos oss, faktisk…

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar