Gå til innhald

Hvor er Kasper, hvor er Jesper,

juni 14, 2007

hvor er Jonatan?

Eg er komen trygt ut på den andre sida av ein 48 timars lang sommaravslutningsmaraton. I går øvde me i tre skuletimar på Kardemommeby. Eg vart glad og rørt over å sjå kor godt grunnlag Jens hadde lagt i førearbeidet, og kor flinke ungane var blitt.

Så var det å småspringa til aldersheimen, der Halvard skulle spela konsert. Neste etappe var eit lynraskt klesskift heime, før me reiste til sjuandeklasseavslutning med kullet til Halvard. Me åt lasagne og salat, og ungane song og dansa.

Det var mange talar, og i den siste fekk kvar av ungane gode og personlege ord direkte til dei og ei langstilka rød rose. Halvard klaga på at det tok lang tid, men eg såg stjernene tennast i begge augene hans etter rosande ord frå Geir Magnus, og stolt løfta han rosa si over hovudet då han kom tilbake til stolen sin.

Eg blir alltid rørt når lærarar viser at dei ser det gode i kvart einaste barn, og er i stand til å løfta kvart og ein av dei opp i lyset. Heia Geir Magnus, Marit og Monica.

Eg gjekk heim i lag med Halvard nokså seint på kvelden i småkald nordavind. Far hans var i komiteen og måtte vera att for å rydda.

I dag var det først ei gjera- ferdig- økt i kunst- og handverks-romma. Så var det litt øving på Kardemommesongane, før me fekk ungane i kostyme, og hadde to skuleforestillingar med plass til alle dei elevane på skulen som var yngre enn dei. Tobias stod på toppen av tribunen med svart hatt og kvitt skjegg og song høgt og tydeleg:

“Når det blåser i fra sør
blir jeg straks i godt humør,
da blir himlen alltid blå
og da pleier vi å få
mye sol og sommer her,
og jeg roper til enhver:
Hallo, hallo
nå blir det deilig sommervær.”

Tante Sofie skjende og trampa i golvet, og vesle Kamomilla viste sånn sorg over ikkje å få gå på Kardemommefesten at alle fekk vondt av henne.

Den eine røveren vart så ivrig i scenen frå fengselet, der dei skal vaska ansiktet, at han spontant begynte å vaska seg under armane utanpå skjorta. Då publikum spontant begynte å le lot han den våte kluten sveipa innom områda dekka av buksa og.

Små og store røvarar vart tekne i å smugeta av tante Sofie sine peparkaker i romet bak scenen, og bakparten på kamelen måtte hjelpast ut av kostymet for å rekka ein lynrask tur ut på toalettet før scene-entreen…

Etter ein kollegatur ned i sentrum for å få oss litt mat, var det opp att til skulen for å halda to kveldforestillingar for foreldra: Dei vaksne filma, fotograferte, gråt og lo i salig blanding, noko som eg tolka positivt frå plassen min i hjørnet av scenen, der eg sat mellom rundane som forteljar. Foreldra heldt vakre talar, og delte ut vakre blomebukettar til oss vaksne. Det kom uvventa på meg å få blomar sidan eg skal halda fram med gruppa til neste år, så eg vart rørt og glad då og.

Dagens største utfordring var å frakta senga som me hadde brukt til røverane i Kardemommeby ut av den vesle aulaen og over til den store aulaen i det andre bygget, der senga skulle brukast av Jeppe på tiandeklasseavslutningsfest i kulturskulen. Der skulle tiandeklassingane våre visa små sekvensar frå Jeppe på Bjerget forstillinga.

Kardemommebyforestillinga skulle slutta samtidig som den andre forestillinga begynte. Så langt var alt vel. Jan Ivar skulle venta på senga ved den store aulaen ,og me meinte at den overgangen skulle gå glatt.

Det var bare det at for å få senga ut, måtte me opna ei foldedør med ein spesiell nøkkel me ikkje hadde, og som rektor måtte koma springande med. Det viste seg og at me måtte ha ein spesiell nøkkel for å avmagnetisera branndøra slik at me kunne få senga ut av bygningen. Siste skritt var å få opna sidedøra inn til hovudbygningen nok til å få inn den store senga, og takka vera ein lokal brannmann, som er far i klassen min, så fekk me det til,
medan konserten i den store aulaen allereie var i full gang.

Jan Ivar er heldigvis flink til å halda hovudet kaldt i slike situasjonar, og han klarte å smugla senga inn i aulaen innan me fekk bruk for ho der…

Så var det grilling på skuleplassen med foreldre og elevar, før eg fekk med siste rest av kulturskulearrangementet. Sjølve konserten var over, men eg rakk den delen av programmet som består av kaffi, kaker, allsong, musikkinnslag frå lærarane og fine talar.

Til slutt fekk eg gitt fire av dei fem dramaelevane våre frå tiandeklasse ein avskjedsklem. Det er vemodig å senda dei frå seg. Eg veit at fleire av dei hadde hatt veldig lyst til å få halda fram viss dei hadde hatt tilbod om det.

Vel heime, seint utpå kvelden, venta det meg ein stor husmorjobb. Kjøleskapet vårt takka for seg for ei veke sidan, og har sidan halde stabilt på ein temperatur på 18 varmegrader. Nå var det reparert, men alt som var inni eller oppå kjøleskapet, og det var ikkje akkurat så lite, stod lina opp på kjøkkenbenken. Her gjeld det å vera klar for nye utfordringar.

Akkurat det same skjedde oss i juli i fjor, og kjærasten min påstår at reperatøren antyda at det kanskje var for mildt klima her for akkurat den typen kjøleskap. Eg kan ikkje la vera å le høgt av tanken: “Kjøleskapstypen som ikkje toler varmt norsk klima…” Det gjev på ein måte nytt innhald til uttrykket “å selgja kjøleskap på Nordpolen…”

Nå lakkar det mot midnatt, og eg er søvnig, glad og trøytt i føtene. Ein dag er over…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    RaTo permalink

    Og for ein dag, Heidi! :o) Så fullspekka av gode opplevingar og positivt påfyll! Nyt sommaren, og etter kvart ferien din!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ra-To: Det skal eg. Første etappe nå er grundig rydding både på jobb og heime. Slikt er eg bare ikkje flink til, men nå får eg visa meg sjølv og andre at eg kan viss eg må… 🙂 Nyt junihelga og retsen av sommaren. hadde vore kjekt å treffast.

  3. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Jag blir så glad varje gång jag läser!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    morsan: Og eg blir glad når du skriv slikt.

  5. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Sprell levande juni-Heidi! EG gler meg til i morgon. Eg skal vera med og spela på ein dåpsgudsteneste som sikkert er slutt omlag kl 13.15. Snakkast!

  6. Ukjend's avatar
    leif permalink

    kjøleskap-mannen påstod at kjøleskapene var konstruerte for ulike klimasoner, og vi som bor i Polar-sonen kan da få problemer når termometeret kryper over 20 grader. Makan til tull

  7. Ukjend's avatar
    RaTo permalink

    Ja, kjære Heidi, det må me vel klara å få til! Det var så gildt sist. Men først ? ha ein strålande fin sommar både i Canada og her heime!

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar