Gå til innhald

Sundag i juni…

juni 17, 2007

Eg vurderte å rydda heile dagen, men eg har den merkelege hangupen at sundag føremiddag så er plassen min i kyrkja. Det hender eg diskuterer med meg sjølv før eg kjem så langt, men når eg er vel på plass i kyrkjebenken så kjennest det alltid rett.¨

Etterpå var eg på jobb for å rydda. Rydda, rydda, rydda…
Arkivera eller kasta med hard hand, that`s the question. Eg hadde håpa at eg skulle koma lenger på fire timar, men ein del fekk eg då gjort…

Dagane tikkar mot ferie, og eg heng med så godt eg kan. Om fire dagar så sit me på flyet og er nær ved å landa i Canada. Eg har mykje eg skal klara og nå før eg kjem så langt… Det vil seia. Det viktigste er vel å få med seg billett og pass og koma seg på rett fly. Alt det andre ordnar seg på den eine eller andre måten.

Eg plukka ein rosa, kvit og lilla bukett i hagen og ramma inn med grøne lønneblad. Så pakka eg inn ei diktsamling, ein pakke bamsemums og ein rull meg hjartedrops og gjekk på gratulasjonsvisitt med Astrid. Det var fint å setja seg ned ei stund og prata. Og i går kom Torhild i gullbilen. Først åt me moreller i den oransje sofaen vår i lag med kjærasten min, og så drog me på Peppes og åt
Cæsar-salat med kylling. Så ikkje tru at eg BARE ryddar. Det høyrest bare slik ut…

I morgon skal eg på konsert der Halvard skal spela piano klokka fem, og på danseforestilling der Sunniva skal dansa klokka seks. Kjærasten min skal til Haugesund, så som god forelder bør eg rekka begge deler. I forkant har eg invitert ungane på kinarestaurant klokka fire, for eg ser me rekk ikkje å laga middag.

Og snart skal me for alvor slusast inn i ferien.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Takk for gilde timar, Heidi!Sjekk ut den gilde friluftsgudstenesten Bogafjell feira idag på http://www.bogafjell-menighet.no Det kan hende at bildeta vert lagde ut i morgon..

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild: Eg prøvde linken, men han virka ikkje. Har du skrive rett?

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    http://www.bogafjell-menighet.net … men eg trur ikkje bildene er klare endå…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar