Gå til innhald

Om å lukka eit rom.

juni 20, 2007

I dag skulle eg rydda meg ut av klasseromet og over i det andre bygget. Men først var det den siste skuledagen i lag med ungane. Først var høgtlesing for siste gongen i år, og for siste gongen hadde eg utsikt utover havet kvar gong eg kikka opp frå boka.

I tredje timen bakt ei gruppe av elevane muffins, i fjerde timen var det fotballturnering og så laga eg fruktsalat med ei gruppe. Me avslutta dagen med is , fruktsalat og muffins i kantina, reinhaldaren hadde trudd romet var ledig slik at ho kunne bona golvet, men ho tok det fint då
ho vart forvist. Medan ungane åt haldt eg ein tale for eit og eit barn, og fekk ein sommarklem frå kvar av dei.

Eg gler meg alt til neste skuleår, men først treng eg ferie, det treng me alle saman nå.

Så vart eg gåande og rydda og kasta ting frå eit års levd skuleliv i ein svart søppelsekk. Strikketøyet som eit par sveitte hender aldri fekk heilt dreisen på, og gruppearbeidet i engelsk som aldri vart hengd opp på veggen. Men der fanst og små sigrar der. Steinaldermannen laga av piperensarar og skinnlappar og bilete av steinalderbustadane våre. Maleria med sko oppover ein innkjørsel, og dei fine blå dragane me malte i haust som har hengt i korridoren. Eg sette meg til å sortera fargeblyantar og fargestifter. Dei aller minste kasta eg, men dei fleste får vera med over i det andre bygget til det neste livet soom startar i august. Eg har i meg ei slags vegring mot å avslutta ting. Eg vil helst at ting skal vara evig.

Klokka sju eller noko slikt var eg klar til å gå heim. Heim til pakking og rydding. Kroppen min reagerte med eit heidundrandes allergianfall, det går litt fort i svingane, prøver han nok å fortelja meg… Mitt i det heile ringde ei dame som vil at eg skal vera med i ei gruppe som skal utarbeida nye liturgiske ledd til gudstenester. Det er klart at eg svarte ja.

Det er ein uverkeleg tanke at eg har ferie nå. Det har på ingen måte gått opp for meg. Kanskje eg skjønar det når eg sit på flyet. Amerika i morgon eg…

Det er nokre små plagg eg ikkje finn att, men kor skal eg leita?

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torun permalink

    Kjæraste ven, god og trygg reise til Canada i morgon!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, mi kjære. Og takk for varmande sms. Dreg om to og ein halv time. Ryddar og pakkar…

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Det är nog tur att du åker över Atlanten. «Det är klart at eg svarte ja».
    Sen måste jag säga att jag gillar ert norska ord «treng». Det är så mycket mera målande än vårt svenska «behöver».
    De små plaggen tror jag du lagt undan för att ha klara till resan.

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det dukker vel opp det som skal vera med… 😉

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar