Gå til innhald

Dagen som varte og varte.

juni 22, 2007

I dag har me reist i fylgje med sola. Klokka var omtrent akkurat det same då me landa i Vancouver som då me letta frå Amsterdam ni og ein halv time tidlegare.

Nå er det morgon heime, men her er det framles kveld, og ikkje har me sove endå. Til saman elleve timar på fly er unekteleg ganske lenge på ein dag, men det gjekk over all forventning. Flyskrekken som for nokre år sidan gjorde at det kjendest heilt uaktuelt med slike turar som dette, har av ulike grunnar forsvunne som dogg for sol. Eg klarte til og med å nyta synet av isen over Grønnland og konturane av Rocky mountains.

Feriebegrepet er blitt ganske annleis og. Frå å reisa Europa rundt med bilen ful av små barn,opptil fleire barnevogner, campingutstyr og ein stor lavvo, reiser eg nå med folk som både pakkar og tek seg av sin eigen bagasje. Folk som sit fint på setet sitt i flyet og les eller ser TV, og som til og med sort sett et den maten dei får servert på flyet, sjølv om han liknar lite på det dei får heime.

Me var så nære grensa til USA at me bestemte oss for å kjøra over før me slo osss til ro. Ingen av oss tenkte vel at det skulle vera særleg meir komplisert enn å kryssa over ved Svinesund, og i køen ved grensestasjonen sovna eg rett og slett. Eg vart brutalt vekt av at ei bevæpna grensevakt sa at alle måtte ut av bilen. Eg trudde først det var for å ransaka bilen, men alle saman måtte inn på eit kontor og fylla ut eit omstendeleg skjema. Til og med Halvard måtte skriva under på at han aldri hadde vore involvert i , at han ikkje ville prøva å opphalda seg illegalt i landet, og at han ikkje var psykisk sjuk… Kva som hadde skjedd viss eg verkeleg hadde vore psykisk sjuk veit eg ikkje. Hadde eg blitt stoppa på grensa? Merkeleg land…
Så måtte me avlegga elektroniske fingeravtrykk av både left og right index-finger i tillegg til å bli fotograferte. Den koslege grensebetjenten, som kunne ha vore saksa rett ut av ein amerikansk film, lurte på kva yrke me hadde. Kjærasten min sa som sant er at “We are both teachers,” korpå han som avhøyrte oss spurte interessert: “And for how long did you have to save money to be able to make this trip?”

Endeleg var me klarerte for opphald i landet, og det feira me med å eta middag på Mc Donalds. Dei fleste gjestene handla på drive-in-måten, men me fant oss eit bord. Nå er det endeleg blitt kveld for ss, nå når dei står opp heime i Norge. FAr til ein av elevane mine prøvde akkurat å ringa, truleg for å høyra om dei skulle ha med skulebøker siste dagen eller om det var lov å ha med brus.

Nå er heile familien installerte på eit stort rom med to doble senger og ei ekstra seng på eit motell rett over grensa. Dei andre søv allereie.

Heidi

Vel framme skulle me henta leiebilen vår. Ein staseleg amerikansk bil var det. Problemet var bare at han likna så pass lite på dei bilane me har kjørt tidlegare at me hadde store problem med i det heile tatt å få han til å starta…

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Takk og lov at de er «vel framme». Gler meg til å fylgja deg på turen! Hels faddarbarnet mitt – og resten av familien din! Ser fram til å fylgja med på reisa di – både den ytre og den indre!

  2. Ukjend's avatar
    Hilde Trufaste lesar permalink

    God tur og sommar Heidi!

  3. Ukjend's avatar
    RaTo permalink

    Å, Heidi! Dette blir så spennande ? å liksom få vera med rundt i Canada, me og! :o) Håpar de får det heilt topp!

  4. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    og min versjon med bilder finnes på Hei, vi er vel framme, har sovet godt. Link til reiseside:http://vancouver-la-calgary.blogspot.com/

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ny dag!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ny dag!

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ny dag!

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Hopsan, eit eller anna hengde seg opp, og eg veit ikkje korleis eg slettar kommentarar… Me vart vekte i fire tida av at meldingar frå Norge tikka inn. Fort gjort å gløyma tidsforskjellen, men me var heilt klare for ein ny dag alle fem klokka halv fem, så heilt har me ikkje snudd dødnrytmen. Ingrid som har fått smnkekurs på Vita har oppdatert meg i sminkekunsten. Det vil seia ho har gitt meg sminke etter alle kunstens reglar, så nå ser eg laaangt betre ut enn heime i gamlelandet… Alle på flyet og i tollen i går titulerte meg mam, eller madam, det kjendest litt… gammalt…madam,-eg?

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar