Gå til innhald

Lyden av folk som ler

juni 24, 2007

og lukta av kaffi. Det er morgon på ungdomsherberget. Verda ser lysare ut for ungane nå. Dei ler litt av reaksjonen sin i går då dei lo og gråt alle saman. Denne byen er nokså overveldande for å seia det slik. Det er utruleg mykje lyd alle stader, og dersom ein har lyst til å visa att på gata må ein vera rimeleg eksentrisk.

Nå er det frokost i spisesalen. Dei andre har gått dit, eg måtte bare skriva litt først. Her er ei slags stove der folk mellom anna sit med datamaskinane sine og skriv reisebloggar. Me snakka med ein dansk mann som reiser verda rundt med familien sin. Dei brukar eit halvt år. Barna på elleve og åtte har dei tatt ut frå skulen og underviser dei sjølv. Fascinerande tanke.

Å bu på ungdomsherberge er litt voldsomt for døtrene mine med all den manglande komfort det inneber, men eg kjenner at ein del av meg elskar denne formen for vagabondliv. Ha med seg minst mogleg og oppleva mest mogleg med vidopne sansar.

Eg har med meg ei bok, “Van Goghs rom”, av Martin Lönnebo. Ho opnar ein annan dimensjon opp, både på gløtt og med vidopen dør alt ettersom. Eg har lyst til å dela nokre av desse tankane etterkvart, men skal eg få frokost så må det profane prioriterast akkurat nå…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Det hadde hjulpe på dei manglande geografiske evnene mine om du nemner kor du befinn deg når du skriv, så skal eg lova å sjekka kartet etterkvart!! Gildt å fylgja med dykk!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Me er framleis i San Francisco. 🙂

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar