Gå til innhald

If you`re going to San Francisco…

juni 25, 2007

Så risikerer du å få med deg litt av kvart. Eg er så metta på inntrykk at augene svir av trøyttleik, og føtene verkar etter å ha stått og gått heile dagen. For ein innhaldsmetta dag det har vore…

Då me kom i går, la eg merke til at regnbogeflagget vaia i hovudgatene. Leif hadde lese ein eller annan plass at det skulle vera ein stor “Gay-parade” i dag.

Vel ute på gata skjøna me at noko stort var i gjære. Folk sat allereie klare på campingstolar og venta på paraden som skulle vera om ein time. Frå salgsboder langs vegen kunne ein få kjøpt ulike regnbogeartiklar: Boaar i regnbogefargar, halsband, nøkleringar, stripete sokkar og ballongar. På ein stor scene vart ein transvestitt med lang lys parykk og coctailkjole intervjua av eit TV team. Gata kokte av forventning, det vart dansa magedans ute i gata, dragartistar paraderte og let segfotografera, det vart delt ut gratis kondomar til publikum og seld pannekaker steikte på gata.

Tusenvis av homofile par av begge kjønn, mange i like klede, som for å visa at dei høyrde saman, venta hand i hand på paraden. Det var mest så eg kjende meg som ein del av ei minoritetsgruppe der eg stod og haldt i handa på ein kjærast med masse hår på leggene…

“Dette er det merkelegaste eg har vore med på” sa Ingrid. “Men det er noko kjend med det, for det minnar på ein merkeleg måte på ein krysning mellom 17.mai og Jærdag.”

Stemninga bygde seg opp, medan ein venta på at toget skulle begynna å bevega seg. Eg høyrde ei voldsom motor-rusing, men forstod ikkje heilt kva det var. Ei kortklipt dame i campingstol på sida av meg brølte fleire gonger “Go girls go!”

Som trigga av tilropa høyrdest nå ei heilt enorm rusing av motorar. Så kom fleire hundre lesbiske damer kjørande på tunger motorsyklar. Dei var i alle aldrar. Nokre av dei hadde bar overkropp og nokre barberte issar. Ein del av dei vifta med store regnbogeflagg medan dei kjørte.

Etter damene på motorsyklar kom ein stor gjeng menn på vanlege tråsyklar. Eg meinte å gjenkjenna ein veldig koseleg mann eg hadde snakka med tidlegare på morgonen. Han spurte korleis me likte San Francisco. Eg hadde mellom anna svara at “My children find it a bit overwhelming because there are so many to them strange things here…” Då eg såg han i opptoget håpa eg at eg ikkje hadde sagt noko som kunne misforståst…

Etter syklistane kom ei stor gruppe mannlege cheer-leaders, syngande dragartistar på ein lastebil, eit band i fargerike uniformar med ein mannleg tamburmajor i trong gullkjole. Eg såg og ei prestedame med regnbogefarga stola og ei dame med eit prosesjonskors. Ein mørkhuda person gjekk opp og ned på fortauet medan han svinga rundt og rundt ein stor gul plakat der det stod “Jesus loves everybody” Eg ser ikkje vekk frå at det frå hans side var ei slags punktmarkering av ein slags protest mot arrangementet, men det kan jo henda eg tek feil…

På dette punktet måtte me samla med oss ungane og småspringa vidare: Me hadde nemleg ferjebillettar til fangeøya Alcatraz, og hadde begynt å få dårleg tid…
Øya låg tjue minutt frå land. Denne staden med denne skrekkens historie som fengselsøya det var umogleg å ryma frå, med alle dei verste fangane frå store deler av USA hadde blitt naturreservat. Her vrimla det av brunprikkete måkeungar, og det vaks kvite liljer mellom ruinane av hus som ikkje hadde vore i bruk på lenge. Øya hadde bratte klipper ned til sjøen i tre retningar, og såg verkeleg ganske uframkomeleg ut.

Guidinga i sjølve fengselet foregjekk på ein genial måte. Alle fekk headset med høyretelefonar og vart guida frå plass til plass og rom til rom. Stemmane på lydbandet høyrte til tre fangevaktarar og tre tidlegare fangar der, slik at me skulle få to sider av den same historien.

Etter end besøk på fangeøya åt me middag på ein kul restaurant med surfeinnreiing, trendy servitørar og veldig høg musikk. Eg åt fersk tunfisk som var rød i kjøtet som roastbeef på ei seng av grøn salat med sesamfrø, sitron og koriander. Ikkje til forkleinelse for Mc Donald-salatar som faktisk er kjempegode her i landet, men dette var ei sjeldan og overraskande god oppleving.

Via vakker saksofonmusikk på gata fekk me plassert oss på ein motorisert og bensindriven tretrikk som tok oss med på ein totimars guida tur gjennom sentrum av Sanfrancisco. Mannen som guida oss var ei oppleving. Det var som å vera på stand-up-show. For ein fyr. Han viste oss mellom anna kor kjendisar budde og kor filmar var blitt spelte inn, og gata som hadde så mange og bratte svingar at ein gong ein sjåfør prøvde å kjøra ned i limousin vart bilen sitjande bom fast. Dei måtte dela han i to for å få han vekk. Heile San Francisco ligg på ein måte på eit fjell med bratte åsar opp i alle retningar. Inne i sentrum ligg skyskraparane tett i tett med tronge skyggefulle gater mellom. Det merkelegaste av alt er at det er utruleg vakkert.

Då klokka var halv åtte, var me så slitne at me nærmast sjangla tilbake til ungdomsherberget. Me tok vegen gjennom Chinatown, som var ein imponerande stor bydel.
På veg tilbake til ungdomsherberget skulle eg bare innom ein liten butikk og handla litt. På vegen heim klarte eg å gå meg vill. Eg hadde rota meg heilt bort, men hadde adressen til herberget i lomma, så det gjekk bra til sist.

Ingrid og eg laga oss kveldsmat nede på kjøkkenet og vart sitjande lenge og prata medan dei andre slokna som slips i kvar si køyseng.

Kvelden på eit ungdomsherberge midt i sentrum av ein storby har mange lydar: Bilistane er raske til å bruka bilhorna sine, og stadig vekk høyrest det sirener av ulike slag. Lenge stod det ein gatesongar under vinduet og song kjærleikssongar, og nå nylig var det ein illskrikande liten unge som syntest at det å sova på ein slik stad som dette var heilt utenkjeleg…

Men eg har absolutt tenkt tanken på å sova litt. Dette har vore ein intens dag. Trur kanskje dette er den lengste bloggen nokonsinne, men det trengst rett og slett med tilgang til god spalteplass etter ein dag som dette…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Oh, jag är med på er resa! Du beskriver den så levande 🙂

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Velkomen til å reisa i lag med oss, morsan

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar