Gå til innhald

Svampe-Bob, transformers og restrooms.

juni 26, 2007

Me starta dagen med å ligga i dei to dobbeltsengene på romet og sjå på TV. Eg går ut frå at USA er mor til alle realityshow. I går såg me ein gjeng kvinner i tjueåra slåst mot ein gjeng kvinner i førtiåra om gunsten til ein mann på tretti. Merkelege konsept dei spar opp.

Eigentleg må me vidare nå. Eg ville bare ein gong til gje adressa til kjærasten min sin blog. Der ligg det mange bilete og filmsnuttar. For å koma dit tastar du som fylgjer:http://vancouver-la-calgary.blogspot.com/

Ein ting til. Då eg først såg skiltet med restroom trudde eg det var ein plass ein kunne kvila litt… Måtte gode makter forby at eg kjem til å seia det vulgære ordet toilet når eg spør meg veg til eit slikt anlegg. Det heiter restroom. Nemleg!

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Det är väl typiskt amerikanskt, det där att en kvinnas högsta önskan och mål bör vara att gifta sig, naturligtvis med en så rik och framgångsrik man som möjligt. Bröllopsdagen är den största dagen i livet och ska helst gå på hundratusentals dollar. Detta apropå alla konstiga amerikanska serier som vi även råkar ut för här på vettigare breddgrader-
    Instämmer för övrigt med alla andra om att det är fantastiskt att få följa med er på resan!

  2. Tintomara permalink

    Nu har jag varit inne på din makes blogg också. väldigt roligt! Men jag blev förvånad över att han skriver på bokmål och du på nynorsk. Talar ni olika också?

  3. Heidi permalink

    Ja, faktisk så snakkar me forkjellig. Eg og ungane snakkar lit, den lokale dialekten frå området der me bur, som ligg ganske nær til nynorsk. Kjærasten min kjem frå Oslo-området og snakkar tilnærma bokmål. Når det er agt, så går fleire og fleire frå vårt område over til å skriva bokmål. Nynorsk er det offisielle språket i kommunen, og det skriftspråket barna lærer på skulen, men begge dei eldste barna mine har gått over til å skriva bokmål etter at dei gjekk ut av grunnskulen. Litt synd at utviklinga går den vegen, synest eg, for nynorsk er eit veldig vakkert språk. Det får vera dagens språkdebatt, i dag direkte frå Hollywood…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: