Gå til innhald

Harboes go to Hollywood 2.

juni 27, 2007

På vegen hit, reiste me gjennom eit måneaktig ørkenlandskap. Det var gult og tørt ute, men så kom me til eit stort vannreservoir. Då me gjekk ut av bilen for å ta ein pause, sa Ingrid: “På slike plassar som dette kan det vera klapparslangar, eller rattlesnakes, som det heiter på engelsk.”

Eg smilte litt av den til tider nokså dramatiske jenta mi, men ikkje før hadde me kome ut av bilen, før me såg eit stort skilt med overskrifta “Rattlesnakes!”, der det stod at dei bare angreip viss dei følte seg angripne… Ein skal ikkje undervurdera allmenndanning ein kan tileigna seg på “Discovery-channel”… Elles må eg bare innsjå at ho faktisk kommuniserer betre med amerikanarar enn eg gjer. Når eg set i gang på min beste skuleengelsk får eg ofte eit “excuse me?” til svar og må gjenta medan ho har ein amerikansk swung ho kan henta fram som dei forstår med det same. Kanskje TV på romet ikkje er bare dumt likevel?…

Temperaturmålaren på dashbordet viste at temperaturen ute steig til 36grader celcius. Heldigvis har me ein canadisk bil, for her går all måling i Fahrenheit, og eg må med skam melda at det har eg ikkje heilt taket på, men varmt vart det i alle fall.

Det er få gonger beundringa for kjærasten min stig opp i meg til dei grader som det gjer når han kjører bil i utlandet. Eg som helst ikkje kjører bil heime heller, kan ikkje forstå at han orkar og torer. Spesielt det å ta seg inn i storbyar står for meg som litt av eit mareritt. Nå var det atskillig enklare å koma seg inn i Los Angeles enn i San Francisco, sjølv om me kanskje ikkje har prøvd det verste endå. Me er i bydelen Hollywood, og det å finna fram til motellet vårt var overraskande enkelt.

Motellet er i hotellklasse i forhold til dei andre me har budd på. Først må ein legitimera seg inn eit slags innslusingsystem, og roma ligg mot eit atrium med solstolar og badebaseng. Ungane har det heilt topp der ute.

I USA er ein veldig oppteken av sikkerheit. Eg mistenkjer at det har noko med saksøking å gjera. Over alt er det plakatar av typen, “Watch your step,” og “Slippery floor!” For å ha sitt på det reine om nokon skulle detta og brekka lårhalsen, liksom. Her på hotellet må eiin vera 17 år for å bada i bassenget utan tilsyn. Akkurat nå er det Ingrid som held tilsyn med Halvard frå solstolen sin.

Ute er det skikkeleg varmt allereie, men her inne på romet som er fyld med dei to obligatoriske dobbelsengene pluss ei “Extra-bed” for Halvard, er det kjøleg og godt på grunn av aircondition. Me har faktisk klart oss med eitt rom overalt der me har budd, så overnattingskostnadane har vore lågare enn me hadde rekna med så langt. Det ser ut som eit standard amerikansk motellrom er eit stort rom med to dobbelsenger, TV, kjøleskap og plass til ei ekstra seng eller madrass om det skulle trengast.

Me bur i ei gate med ein firefelts veg. På begge sider er det butikkar, og her og har dei denne merkelege vanen med gigantiske skilt for alt mogleg. Butikkane konkurrerer om å ha det største skiltet på den høgast mogleg stonga, og der står skilta og ropar om kapp om “Beauty-saloon” og “Nail-service”, “Dentist” og “Bakery”, eller om filmar som skal koma om tre veker og ei forbønsgudsteneste som var den 19.mai.

I går kveld gjekk me ut for å få oss litt mat, og bestemte oss til slutt for ein indisk restaurant. Det var bare det at han låg på den andre sida av den firefelts vegen, og ingen gangfelt var i sikte. Me stod der saman med eit spansktalande par og lurte på korleis me skulle koma over. Då det vart raudt lys i den eine retninga vart det ei luke, og folk begynte å gå. Eg og Halvard nølte nokre sekund lenger enn dei andre, og plutseleg stod eg og han fanga på midten av vegen. Det kjendest heilt som galskap å stå der, men me kom oss over til slutt. Mor, viss du les dette: Unskyld, me skal aldri gjera det meir…

På restauranten bestilte me to gonger tre rettars middag for to, fordi me meinte at ungane våre ikkje ville orka å eta for meir enn to til saman. Forretten smakte godt, og eigentleg var me mette allereie då. Då dei kom inn med hovudrettane trudde me ikkje våre eigne auge, dei trilla inn på bord med fat på fat på fat. Kylling, lam, vegetariske rettar, naanbrød og sausar. Eg såg med det same at dette hadde me ingen sjanse i havet til å eta opp.

Då alle var mette, såg det ut til å vera minst like mykje att. Servitøren foreslo diskret at me kunne “Take it home in boxes.” Me ville gjerne vera høflege å visa at me likte maten, så det takka me ja til.” Dei kom bærande på fire fulle plastboksar i ein pose.” Til dessert valde me Ice-cream, sidan eg veit at indisk ricepudding er ganske kraftige saker. Alle sukka letta ut då isen var i små skåler.

Ingrid sa “Dette smakar ikkje is, det smakar rømmegraut”
Og det var verkeleg mektig med indisk is. Det smakte godt, men samanlikninga med rømmegraut var faktisk ganske treffande; Veloppfostra som me trass alt er, så syntest me ikkje at me kunne setja att desserten etter å ha sett att halve middagen. Halvard melde pass medan Sunniva tappert åt i seg si skål med “Mango flavour”. Eg tok eit steg til sides frå prinsippa mine for å hjelpa oss i mål. Unskyld Atkins, Fedon, Padkær Andersen og Grethe Rohde, sommarens iskrem vart to skåler indisk is!

Då me gjekk heim var me så mette at me tenkte me klarte oss utan mat den fylgjande dagen. I går skreiv eg om storleiken på amerikanske jordbær, i dag vil eg nemna at alle amerikaske matprosjonar ser ut til å vera gigantiske. Me har ofte måtta setja att mat me ikkje orkar eta, og det skjer ikkje heime for å sei det slik. “A medium sized diet coke” må vera på minst ein halv liter, trur eg. “Supersize me…”

Nei, nå må eg ut i sola eg og. Kanskje eg til og med blir litt brun. Om mindre enn ein time held programmet vårt fram med besøk i ein Hollywood-tema-park.

Sunniva har kome inn. Ho ligg under teppet på den eine senga og tygg tyggis og les “Harry Potter”. Ho ser ut til å nyta eit kvarter med fred og ro.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Guro permalink

    Så kjekt å lese fra turen Heidi. Jeg drømmer meg helt bort her jeg sitter i regnet på Kvernaland. Kos dere mye. Jeg gleder meg til fortsettelsen 🙂

  2. Heidi: permalink

    Hei, Guro. Kjekt at du er innom her. 🙂 Eg ser du har kommertert før eg skriev heilt ferdig. Regn på Kverneland er ikkje så dumt det heller.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: