Gå til innhald

Mange rom.

juli 3, 2007

Då me åt frokost i dag i eit ganske trongt frokostrom i dag fekk eg eit syn som gjorde litt inntrykk på meg. Ei nydeleg ung kvinne i kjole med ei slags hette på hovudet kom inn med fem små barn. Jentene i huset-på-prærien-liknande kjolar og gutane i skjorter og litt høge dongeribukser. Mannen heilt i huset- på- prærien- stil han og med bukseselar og det heile. Eg veit at det er relativt slitsomt å reisa med mange snmå barn, og sidan me var i ferd med å avslutta havregrauten og toasten, gjekk eg bort og sa at dei kunne få overta vårt bord. Ho takka med eit strålande smil.

Leif og eg diskuterte kven dei kunne vera. Begge hadde tenkt på Amish-folket, men me fekk ikkje det heilt til å stemma heller, eg kjende at interessa mi var vekt. Ikkje lenge etter kom tre av barna bort til det opne vinduet på romet og begynte å snakka med oss. Eldstemann fortalde at han var seks år, og ungane var utruleg søte og tillitsfulle. Etter ei stund kom mora for å henta barna, og me blei ståande og snakka gjennom vinduet. Faren dukka opp han og. Han fortalde at dei var menonittar. Han spurde om eg hadde høyrt om menonittane, og det hadde eg. Det ende med att me utveksla adressar, så nå veit eg at dei heiter Kevin og Joan Penner og bur i Quebeck. Eg har rett og slett lyst til å prøva å halda litt kontakt med dei.

Eg måtte inn på internett for å finna ut meir om menonittane. Dei tilhøyrer gruppa anabaptistar og nokon kallar dei litt fleipete for amish-light. Dei kler seg i “tradisjonelle klede”, og går inn for å leva eit enkelt liv. Dei er mot all vald og er pasifistar. Dei er kjende for å leva i tette fellesskap og legg stor vekt på å stilla opp for einannan. Denne vesle familien var gode ambassadører for si tru. Dei strålte ut alt som var godt, og eg må innrømma at eg alltid har hatt litt sansen for folk som verkeleg lever alternativt.

Neste ledd på dagsordenen var å avlegga eit besøk i mormonartempelet i Salt Lake City. Det var førti grader ute, og ungane våre lurte på om me verkeleg måtte gjera alle desse merkelege tinga som me vaksne fant på. Trass i litt protestar, så trur eg at dei opplevde det interessant.

Sjølve tempelet slapp me aldri inn i, det var bare for praktiserande mormonarar som var godkjende av ein eller annan komité. Derimot fekk me omvisning i eit informasjonssenter. To unge damer som begge avtente åra sine som misjonærar viste oss rundt. Den eine av dei to jentene først i tjue-åra var svensk, og den andre var frå Tonga. Ho frå Tonga såg ut som ho var klipt rett ut av eit av Gauguin sine Haiti-maleri. Alle misjonærane er ulasteleg kledde. Jentene i skjørt som går til under kneet, bluse, eventuelt jakke, og flate sko. Mennene i mørk dress, kvit skjorte og slips.

Dei tok oss mellom anna inn i eit rom utforma som eit univers med ein stor kvit Jesus skulptur. Der inne spelte dei eit lydband som innleia med “ I`m Jesus Christ…” Men alt han sa var reine bibelsitat. Det avslutta med “I min fars hus er det mange rom…” Eg valde å tolka det som ein antydning til økumenisk tilnærming til evangeliet…

Mormonarkyrkja er verkeleg eit merkeleg trussamfunn. Sjølv om eg stiller mange spørsmålsteikn, så gjorde det inntrykk på meg å sjå desse unge kvinnene si oppriktige tru og fulle overbevisning om at det var sanninga dei forvalta. Me fekk heile tida lov til å stilla spørsmål.

Eg spurde “Sister Nilsson” frå Sverige om det ikkje var enormt stor forskjell på å leva som mormonar i Sverige, der dei er ei skikkeleg minoritetsgruppe, og på å vera mormonar i Utah der det er det mest normale som tenkjast kan. Ho svara at det var verkeleg ein stor forskjell. Ho sa at i Skandinavia hadde folk slutta å tru på Gud, dei var eit avkristna samfunn, som ikkje lenger meinte at dei hadde behov for nokon Gud.

Eg hadde litt lyst til å protestera, men lot det vera. Det er ikkje mi oppleving av livet i Skandinavia, men då me diskuterte vidare i bilen, sa Ingrid at ho syntest dama hadde eit poeng. Ho påpeikte at her kjørde folk rundt med bilar der det stod “I Belive in Jesus Christ,” og plutseleg kan me kjøra forbi skilt langs motorvegen med dei ti bud på… Alle inntrykka me får, gjer at me får mange interessante diskusjonar i bilen om ting me ikkje utan vidare snakkar så mykje om heime. Det er spennande…

Me har rota litt rundt i dag. Me skulle til ein stad som heiter
Twin-Falls, der me hadde planar om å overnatta. Men me fann ingen plass me hadde lyst til å bu. Me skulle og sjå på ein canyon og ein foss. Fossen fann me aldri, og då me kom hit, oppdaga me at me hadde sett på feil canyon. Men nå er me trygt installerte i den vesle byen Burley. Dette er litt av eit sigøynarliv. Nye rom kvar kveld omtrent. Her hadde dei eit Laundry-room, så nå har me fått vaska klær for første gongen. Me har begynt å få rutinar på ting. Korleis me innrettar oss på det nye romet, faste kveldsbad i symjebassenget med eller utan spa, som her er namnet på oppvarma boblebad. Eit litt rotlaust, men veldig fascinerande liv. Og me får sett mange rom.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Interessant det der med mange rom…..kan tolkast mangfaldig! Spennande med huset på prærien-folka!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Ja, veldig…

  3. Ukjend's avatar
    MBF permalink

    Intressant läsning!!

Legg att svar til MBF Avbryt svar