Gå til innhald

Merkelege ting.

juli 3, 2007

Eg har begynt å få eit varmt hjarte for USA. Eg ser at dette landet er så utruleg mykje, og me møter mange varmhjarta, høflege, blide og tålmodige menneske. Likevel må eg få lov til å skriva om ting eg synest er mildast talt merkelege:

Dette med saksøking:
Dei har skilt overalt for å forsikra seg om at dei har sitt på det tørre. Skilt opplyser om “slippery floor,” sjølv om golvet ikkje er glatt i det heile tatt. Gravide og personar med diabetes går i boblebadet på eige ansvar…

På TV såg me ein som saksøker ein karamellfabrikk fordi han har fått vondt i kjeven etter å ha tygd ein karamell. Han meiner at karamellposen burde hatt påskrifta: “Bør ikkje tyggast.”

Ein mann leverte buksa si på renseri og då han skulle henta ho var ho borte. Dette renseriet garanterte at kleda kom uskadde tilbake, og han saksøkte renseriet for førti millionar dollar. Viss du lurer på om han fekk ein advokat som var villig til å ta saka, så er svaret ja…

Produkt som blir selde på TV:

I går var det ein heftig reklame for ein kulepenn som kunne dras ut etter teleskop-prinsippet og bli til ei fiskestong. I eit slikt bibeltrekkfutteral med glidelås, dei innvidde veit kva ein snakkar om, var det plass både til fiskekrokar, ei snelle og denne fantastiske pennen. Ulike personar såg rett inn i kamera og fortalde kva pennen betydde for dei… Eg var heilt sikker på at dette måtte vera ein spøk, men det var det tydelegvis ikkje. Produktet kunne bare kjøpast på TV…

Haldningar til skytevåpen.

I dag var me eit par meter frå å gå inn på supermarknaden i Twin Falls. I kveld las me i avisa at på lørdag klokka to blei politiet tilkalt på grunn av at det var ein butikktjuv akkurat der. To bevæpna politimenn ankom, og det ende med at ein nittenåring vart skoten og drepen. Politiet vil ikkje uttala noko om kva som skjedde, men dei har gått ut med identiteten til den avdøde.

Eg håpar me er milevis unna overskrifter i Jærbladet der det i ein liten notis står at ein nittenåring frå Vigrestad er skoten etter eit innbrot på M 44…

Ein merkeleg verden…

Heidi

From → Uncategorized

11 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    i Norge er det tredje juli: KjæreIngrid! Gratulerer medmyndighetsdagen. Du er ei flott jente!
    Amerika er alt! På Sandvika storsenter vart ei damepå 84år forsøkt rana på fredag, men ho nekta gi slipp på veska si. Det enda med sjukehusinnlegging og skade i beinet. Dagen etter døydde ho. Detvar to unge kvinner (med aust europesik utsjånad – den einehadde farga hår…) som er mistenkt. Det skjer her òg dessverre. Klem frå meg

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Huffdå… Ingrid har sovna og her er det framleis 2.juli. Me har laga klar ei overrasking til i morgon. Eg skal overbringa helsinga i morgon tidleg.

  3. Ukjend's avatar
    Jens permalink

    Spennande å lese om turen din! Hels Ingrid gratulerer med dagen =)
    Det med våpen er temmeleg skummelt. Visste du at ca 200 millioner menneske i USA har skytevåpen, og at 1,2 millioner barn har tilgang til våpen heime? Statistikken viser at hver 6. time tar ein amerikansk ungdom sjølvmord med eit av familiens våpen…
    Her er ein liten tabell til ettertanke:
    Drept med skytevåpen hvert år:
    Tyskland 381
    Frankrike 255
    Canada 165
    Storbritannia 68
    Australia 65
    Japan 39
    USA 11 127

    Klem frå Jens (som sorterer klede på Bryne skule…)

  4. Ukjend's avatar
    Bjørg og co. permalink

    GRATULERER MED DAGEN INGRID!!!!!!!!HILSER SPESIELLT FRA ASBJØRN!!!

  5. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Gratulerer til Ingrid!!!!!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Jens: Merkeleg land. Eg frys på ryggen kvar gong eg ser gun-shops.
    Har du ikkje fri nå?
    Dokke andre og: Ingrid set stor pris på grstulasjonane.

  7. Ukjend's avatar
    karin permalink

    Hei, koselig å lese om turen deres,dere er jo innom flere av plassene vi var i fjord,jeg mimrer litt da,dere må ha god tur videre,og gratulere Ingrid med 18 års dagen

  8. Ukjend's avatar
    morfar permalink

    Gratulerer Ingrid.Skal også hilse fra mormor

  9. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Grattis till Ingrid!

  10. Ukjend's avatar
    Ingrid permalink

    Tusen takk for alle som har gratulert meg!

  11. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Karin: Tusen takk. Gratulerar til Bjørnar og. Er det ikkje i dag?

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar