18 år.
“Se, nu har vi også deg fra hånden,” sa den gamle farmoren fornøyd og festet muslinger på halen til den lille havfruen, for å vise at nå var hun voksen.
Sitert etter minnet frå HC-Andersen sitt eventyr om den lille havfruen. Dette hende på femten-års-dagen hennar, den dagen ho var vaksen og fekk lov å gå opp til overflata for første gongen.
I dag fyller Ingrid atten år, og me har fått feira i lag med henne heile dagen. Nå er ho altså myndig… Me hadde gjort klar ein celebration-pose med fargerikt trykk og oppi var det amerikansk sjokoladekake, eit blad, eit kort og nokre småting. Og på ein tallerken fekk ho fersken, kirsebær og druer.
Me har kjørt mest heile dagen, først gjennom Idahoe, og gjennom deler av Montana. Eit stopp på eit kjøpesenter vart det tid til, og i kveld har me vore på pizzarestaurant for å feira den store dagen. Me sat ute og åt, og sidan me er mykje lenger nord att, var det lyst til klokka var over ti.
På motellet er det og eit kristent ungdomskor med lyseblå T-skjorter med kors og hjarte på. Dei hadde gitarar og klemde kvarandre på gangen og det heile minde meg om koret eg var med i som tenåring.
Me har sett kveldsmesse på TV frå ei katolsk kyrkje. Fint. Uvant å høyra latin med sterk amerikansk aksent, og å sjå ein katolsk prest med utprega amerikansk kroppspråk…
I morgon er det independence-day, den amerikanske nasjonaldagen. Me har tenkt å oppleva mest mogleg.
Eg veit ikkje heilt korleis dei feirer bortsett frå at det har vore eit voldsomt fokus på fyrverkeri dei siste dagane. Dei sel det overalt, og folk har tjuvstarta med oppskytinga.
Heidi
Korleis får du tid til å skrive alt dette =) Du er flink! Eg har fri om to dager, då reiser eg til Sørlandet (med stor S).
Mr. J
Skriving har eg alltid tid ti. Nå fortener du verkeleg sørlandet,
Voff, voff – vi gler oss til å få besøk….
God tur videre. Henter dere på Sola.
GRTATULERER MED 18-ÅRSDAGEN, NYDELEGE INGRID!!