Gå til innhald

Independence-day.

juli 5, 2007

I dag var me for første gongen på eit motell der dei serverte varm frokost. Speilegg, bacon og pannekaker med lønesirup. Det siste har me høyrt så mykje om, så det var spennande å få prøva.

Kjærasten min er ein hund etter å få med seg kuriøse ting, så han hadde klart å snusa opp ein småby, ca 25 minutter unna, der det skulle vera ein 4.juli parade. Jentene våre var trøytte og ikkje heilt i form, og bad tynt om å få slippa å vera med, dei ville heller kvila på motellet.

Me kom til ein bitteliten og veldig amerikansk småby som heitte Boulder. Der var folk i gang med å gjera i stand til fest i byparken. Dei bles opp ballongar og hadde dekka trebord med amerikanske flagg og fargar.

På lyktestolpane hang det pappskilt i sløyfefasong med namnet på ein og ein av dei ungdomane som var ute i krigen akkurat nå. Ein del av dei går kanskje inn i hæren fordi dei då får subsidiert utdanning. Utdanning er dyrt her, og for mange er det kanskje urealistisk å få det på andre måtar. Men det kan bli ein høg pris…

Folk her er veldig glade i bilane sine. Sjølv om det var strålande sol og tjuefem grade ute foretrakk mange å parkera bilen der paraden skulle gå, og sitja der og sjå.

Sjølve paraden var som eit 17.mai-tog i miniformat. Først kom krigsveteranen i byen med ei lue det stod Vietnam på. Han leidde ein liten gut i handa, som truleg var barnebarnet. Guten bar på eit stort amerikansk flagg.
Bak han kom ein mann i eit militærkjøretøy ikledd militæruniform. Om han var ein slags veteran han og, veit eg ikkje.

Så kom det ein gjeng menneske i gamle lastebilar og ein og annan veteranbil. Ein gjeng ungdomar kjørte firhjulingar eller gjekk rett og slett til fots. Bakerst kom sjukebilen og brannbilen. Dei som gjekk i paraden eller sat i bilane kasta drops og karamellar til ungane som såg på. Etter trehundre meter snudde opptoget i ei rundkjøring og kom tilbake att. Folk oppdaga oss og skjøna me var utlendingar. Dei kom bort og presenterte seg for oss, og tilbøyd oss campingstolar på fortauet.

Så var det tale i byparken. Vietnam-veteranen stod med flagget og representerte veteranane medan han i militæruniform haldt tale:

“We are gathered here today on the forth of July. We all want to honour the men that went to Vietnam, we must also remember that we have young men, right now, from this town both in Irac and in Afganistan. They are there to protect our country, and to fight for freedom and our values. Let us all be grateful.”

Så oppfordra han dei i forsamlinga som var flinke til å synga om å starta på nasjonalsongen. Alle som var der begynte å synga, først nølande, og så sterkare. Mange la handa si på hjartet medan dei song.

Alle klappa høfleg etter talen… Og eg kjende sympati for desse menneska, sjølv om eg kanskje ville blitt jaga ut av parken om dei visste kva eg eigentleg tenkte om amerikanske unggutar i Irak og Afganistan. Det er ganske sterkt å få inntrykk frå det som for meg på ein måte er vrangsida av teppet.

Så var det fest. Ein blanding av 17.mai og jonsokfeiring.
Ein mann i bestefarsalder gjekk rundt i klovnedrakt med ei hand-dokke på armen og delte ut meir godteri til ungane.
“Do you think you know how to use this?” spurde han og delte ut sukkertøystenger til fireåringar som nikka ivrig.

Så var det sal av hamburgarar, varme pølser, heimebakte paiar, heimekokt syltetøy og andre varer. Ungar hoppa i sekk og kasta ballar på blink omtrent som heime. Eg kjøpte ein pose reddikar til inntekt for barn som trong økonomisk hjelp for å dra på sommarskule.

Me kom i snakk med ei dame som i si tid hadde hatt norsk bestefar. Ho rekna seg som halvt norsk, og me fekk og helsa på bror hennar. Dei fortalde at mora deira hadde lært dei å laga potetlefse, og det var det beste dei visste. Generøst inviterte ho oss til å koma tilbake i kveld og sitja i hagen deira og sjå på fyrverkeri.

Elles så har me teke det med ro i dag. Sunniva er litt sliten endå etter at ho var sjuk. Ingrid og eg har sitte på kvar vår gyngestol utanfor motellet og ete frukt og kikka på folk. I kveld skal det vera stort fyrverkeri over heile landet i fylgje ryktene. Me må nok ut og kikka.

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Broremann permalink

    Har nesten lest meg gjennom alt. Høres ut som dere har det kjekt på tur. I går feiret hele Stavanger dronninga vår. Masse folkeliv. Ta kurs i saksofon når du er ferdige med prosjektene dine på «botempien», blokkfløte, pianoet, seljefløyta og gitaren. Da blir du et helt orkester. Skulle hilse fra alle oss her – i går smakte jeg årets første sommer-krabbe sammen med Ida, Erik og Bjørg. God tur videre.

  2. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg undrer på om de reiste tilbake til ho potetlefse-dama?? I Spania regner det idag, men ute er det 25 grader, så sommarregn er bare flott!

  3. Ukjend's avatar
    MBF permalink

    Vad roligt att få läsa om dina Amerikaäventyr!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Jan: Takk for musikalsk støtte.
    Du sviktar aldri.
    Torhild: Nei, det vart ikkje til det. Sunniva måtte ta det med ro, ho slit litt med å bli 100% frisk att.
    MBF: Vad roligt at du läser!

  5. Ukjend's avatar
    Ingrid permalink

    Tusen takk for helsinger fra alle mine kjære, blir utrolig glad for at det er så mange som bryr seg.

  6. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Sef Ingrid – vi elsker deg princess!!! Du settre stor og varm farge i livene vare!!! Du er en engel pa jord!!!! Du loftet meg mer enn du aner da jeg vra p[ min tynneste is i dette som kalles livet! Din styrke – empati og tilstedevarelse i din kraft var beste medisin!!!!
    Heidi: takk for at du deler opplevelsene med meg 🙂
    Jan: Kjekt at du ogsa moter her:)
    Far; Du ma jammen vare stolt av barna dine! jammen evner de a sanse!!!!
    Jens: Nyt sorlandet!!!! Og vit at du er unik og en sardeles sjelden variant av det som kalles et menneske! Du og Heidi har noe helt spesielt med dere som – en egen styrke og utstraling som har sterkt rotfeste i det guddommelige. Veldig glad for a krysse dere begge 🙂

    Her i Grekenland har vi det deilig. Jeg sanser og sanser. Tror jeg kunne bodd her nede for en lengre periode. Det er noe med enegien her nede som stimulerer meg veldig! Har nok rotter her nede. I morgen flytter vi over til en ny oy – det blir den 3.
    Love ya all!!!!

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    May Brit: Love U2. (Var ikkje det ungdommeleg sagt…)

Legg att svar til Broremann Avbryt svar