Gå til innhald

Fullmånen lyser

august 27, 2007

som var den av glas… Augustmånen er stor og kvit, og ute er det heilt mørkt.

Dagen har gått i eitt og veksla mellom elevar og møter og telefonar. Eg konsentrerer meg om å leva i det som skjer og ta ein ting om gongen. Som eg lærte i ein song ein gong: “Der du går skall din veg öppnast för dig, steg för steg…” Det prøver eg å leva i. Steg for steg.

Eg handla blomkål og jordbær i butikken i tillegg til mogen raud paprika og lysegrøn vårløk. Rundstykke til alle som ville ha stod og vart lunkne i omnen og venta på mjukt lysegult smør.

Eg tenner lys på kateteret når eg les. Eg les høgt frå “Glasblåsarborna”, den vakraste barneboka eg veit som eg til slutt fant brukt på eit antikvariat via internett.
Det er ei bok alle burde lesa langsomt medan dei tenkjer. Eg prøvde å kjøpa filmen og på interenett, men der eg fann han fekk eg bare betala med svenske, danske eller finske pengar.

Dagarna mörknar minut för minut,
tänn våra ljus det är nära til hösten
snart är den blommande sommar slut.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. eva mari permalink

    Her er det også mørkt med eit kjølig drag i lufta. IGod natt kjære deg.

  2. Heidi: permalink

    Godnattklem til deg 🙂

  3. Borghild permalink

    oi, den boka vil eg gjerne bla litt i neste gong eg kjem på besøk! er diktet i slutten frå boka?

  4. Heidi: permalink

    Nei, diktet er frå ei svensk haustvise,:-)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: