Gå til innhald

Eg hadde viss gløymt

august 26, 2007

at dette sånn omtrent er yndlingsårstida mi… I alle fall ei av dei… I går kveld gjekk eg og syster tur langs stranda. Me vassa i havkanten, og til mi store overrasking var sjøen så varm at det frista til eit bad… Bada gjorde me ikkje, men bølgene var så pass store at plutseleg hadde me bada litt allikevel.

Ein flokk fuglar, ganske små med kvite bukar kransa rundt oss omtrent som fuglane i Askepottfilmen. Å vassa rundt med bølger kring leggene, vind i håret og omkransa av fuglar medan augustkvelden nærmar seg solnedgang kan anbefalast.

Då eg kom heim fraus eg litt og la meg med eit teppe på sofaen for å sjå på “Mifunes siste sang”. Det var bra for meg at eg hadde sett den filmen før, for eg klarte rett og slett ikkje å halda meg vaken.

I dag har eg plukka røsslyng og gått tur i regnet. I tillegg har eg ete middag med syster mi, foreldra mine, ungane mine og niesene mine. Den eine katten vår spaserer malande omkring på tastaturet medan eg prøver å skriva.

Då me var i sølvbryllaup vart det snakka om tider som har vore og kor dei har blitt av. “Kva er dette for ei tid, spurde Svein?” “Det er øyeblikket,” svarte Bodil. Og alle tidde still i eit sekund.

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. May Brit permalink

    takk for nydelige turer og takk for at du finnes 🙂

  2. Tintomara permalink

    *suckar* Jag önskar att jag hade min rara syster så nära att jag kunde gå på promenad med henne! Om jag nu kunde gå på promenad alls, förstås…
    Och vad är rösslyng? Röd ljung?

  3. Heidi: permalink

    Calluna vulgaris på latin. Og på svensk? Systrer er fine saker, ja. Håpar du snart er heilt frisk att!

  4. morsan permalink

    Höstljung 🙂

  5. Heidi: permalink

    Høstljung 🙂 Vakkert namn og vakker blom.

  6. Leif permalink

    For å være ærlig kan jeg ikke huske å ha sett en film på tv sammen med deg der du har klart å holde deg våken. Men det var en fin film….

  7. Heidi: permalink

    Då var det jo fint å tenka på at eg hadde sett han før, slik at me fekk ei felles oppleving likevel 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: