Gå til innhald

Månen er så stor om hausten

august 28, 2007

og om våren. Eg lurer på korfor. Kan henda er det bare noko eg innbillar meg? Og kveldane er mørke.

Ferien kjennes allereie som noko som var for lenge sidan, og kvardagane er i ferd med å bli sjølve livet att. Og dei er på ingen måte å forakta.

Frå i dag av er dramaundervisninga og i svevet att, og meg og Jan Ivar har innteke ein utruleg rask lunsj på ein uterestaurant for å rekka å vera tids nok til første timen.

Eg har snakka i telefonen i ein time med Odd Christian som var i pratehumør, og dessutan hadde litt lite pengar…

På laurdag skal eg på klassefest med alle dei eg gjekk i klasse med på barne- og ungdomsskulen. Det blir som å stikka innom barndomen sin ein snartur trur eg.

Nå skal eg inn og sjå på Sunniva som skal få undulaten vår handtam ved hjelp av hirsekolber. Vesle signalgrøne William skal trenast opp til å gjera kunster.

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Nej, du tar inte fel, den ser större ut nu. (Men den ÄR förstås lika stor jämt…) Jag har fåt en fin och vettig förklaring på detta under någon fysiklektion nån gång, det har med optik att göra, hur strålar bryts och sånt. Men jag är inte kropp att komma ihåg så pass att jag kan förklara för någon annan.
    Du får njuta bara! 😉

  2. Heidi: permalink

    Det skal eg Tintomara. 🙂 Tenkte sjølv at det måtte ha noko med atmosfæren å gjera. At årstidene får lyset til å brytast forskjellig eller noko… Men det er rart at månen kan variera frå å virka kjemperstor til bitteliten…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: