Gå til innhald

Advent att.

desember 2, 2007

Eg starta dagen med å tenna det første lilla adventlyset. Me var relativt tidleg oppe åg åt frokost i lag, kjærasten min, eg og Sunniva som i dag var det einaste heimesovande barnet. Frå CD-spelaren song Ole Paus: “Det begynner å ligne et liv det der, det begynner å ligne en bønn.” Etterkvart vart Ole Paus avløyst av svingande gospel: “Just a closer walk with thee…”

Eg rakk å laga eplekake før eg gjekk bort til gudstenesta som i dag var desentralisert til skulen som ligg to minutt frå oss. Etterpå haldt eg til ei avveksling fram med å vera flink husmor. Eg bakte ei stor adventkringle, steikte peparkaker av ferdig deig frå Ikea og laga riskrem av ein rest med grøt.

Då gjestene kom var huset bortimot reint og ryddig, og levande lys var tende i lysekrona over spisestuebordet.
Ein vakker dag kjem eg kanskje i mål med alt…

Det er koseleg å tenna lys i mørket. Eg hadde invitert heile familien, men halvparten av dei inviterte viste seg å bli forhindra på ulike måtar.

Appelsiner og mandariner har ein nydeleg farge mot adventlilla og koboltblått. Nå svir augene etter all stearinen som er brend i stova vår i ettermiddag.

Eg har hjulpe Ingrid med å øva til prøve i natur og miljø, og synest lista for kva dei skal kunna ligg relativt høgt. Me prøvde å begripa funksjonen til diverse deler av dyreceller og planteceller, men veit framleis ikkje om eg har klart for meg kva som er mitokondriene sin funksjon. Heller er eg ikkje sikker på om eg har begripe funksjonsforskjellen mellom aerob og anaerob celleånding, eller forskjellen på aktiv og passiv transport av stoffer gjennom cellemembranen, men det er å håpa at sjølv Ingrid fattar så pass at ho kan svara greitt på spørmåla.

Via lekkasjar har det kome fram i media at norske skulebarn scorar endå dårlegare på Pisa- undersøkjinga enn sist. Nå blir det nok ein periode med ramaskrik om kor dårleg norsk skule er. Det gjeld bare å stålsetja seg…
Sjølv meiner eg at norsk skule er betre enn sitt rykte. Det er ikkje alt ein kan måla verken med linjal eller millimetermål.

Halvard har spelt elektrisk gitar i lag med to kameratar heile helga. Dei har starta band og komponert diverse låtar… Nå tryglar han om å få ta privattimar til 300 kr timen til han får plass i kulturskulen. Halvard og far hans har det til felles at når dei blir opptekne av noko så blir dei for meg så reint ubegripeleg opptekne av akkurat det det den stunda det varer. Det er ein form for fokus eg for såvidt kunne misunna dei litt, for eg ser at det er utruleg mykje energi i den tilstanden dei går inn i…

Sjølv er eg nok langt meir sjonglør enn hemul. Eg kastar heller opp nye ballar enn å bruka dagevis med brennglaset.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Jo, du , här i landet har också resultaten sjunkit, nu var det tycligen fjärdeklassarnas läsförmåga som stod i fokus. Och samma gnäll på skolan var gång… svensk skola är också bra, precis så bra som de elever vi får! De föds ju inte in i skolan! NÄR ska någon våga andas om att det kanske har något med hemmen att göra? Kan det spela roll att barnen (jo, för barn är de!!) inte går och lägger sig förrän på småtimmarna, inte äter frukost på morgonen, inte har med sig böcker och annat till lektionerna… av dålig deg kan det inte bli bra bullar! Inte skulle jag göra något vidare bra jobb om jag inte var utsövd och hade ätit frukost! Och eleverna ska försöka få in saker i en hjärna som knappt gåt på halvfart ens av sömnbrist och hunger! Många föräldrar anser ochså att sportaktiviteter är viktigre än läxor.
    Jag skulle tro att tendensen finns i Norge också.

  2. Heidi: permalink

    Ja, eg trur det er mykje av det same. Mest av alt skulle eg ynskja meg meir ro i skulen. Det er så mange reformar og pendelsvingingar og så mange som meiner så mykje… Politikarar skrik om kapp om kor gale det er i skulen og har sterke meiningar om alt som skal forandrast. Av og til blir eg så provosert og oppgitt over folk som
    snakkar med store bokstavar om tilstanden i skulen og tydelegvis ikkje har vore innom eit klasserom dei siste tjue åra. Høyrer at eg er i ferd med å bli gammal og gneldrete. 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: