Gå til innhald

Stormen raser tung og hvit

desember 4, 2007

sorg og død kom ikke hit… syng solisten vår i glasblåsarbarna…

Akkurat då eg sat der konsetrert om ein prøve på teaterstykket blir eg opprings frå sjukehuset. Det er kritisk for onkelen min. Vil me koma inn? Eg får send beskjed til mor og til bror min som reiser dit i lag med far. Midt i generalprøven ringer telefonen att. Eg spring ut frå prøven. Då er det nokon som ringer feil og trur dei er komne til ein jernvarehandel. Då eg klarer å få kommunisert at dei ikkje er komne til ein jernvarehandel, men til ein privat mobiltelefon, får eg omtrent kjeft fordi eg ikkje er ansatt for å selgja jernvarer.

Eg spring inn att. Prøvane blir litt så som så. Me hadde trengt meir tid til å øva. Det var alle enige i, men me har sett under skje før… Og sett i relieff mot spørsmål om liv og død så blir det ikkje så frykteleg viktig. Likevel kjennest ei stor teateroppsetjing frykteleg viktig når ein står midt oppi det med begge beina.

Akkurat nå er situasjonen stabil inne på sjukehuset, men eg står klar til å dra inn i natt viss det skulle bli nødvendig. Må bare sørga for å vera tilbake på jobb før klokka åtte i morgon tidleg.

Tysdag er dramalærardagen min, så eg hadde to dramklassar om kvelden. I går kveld skreiv eg ferdig eit teaterstykke som eg mista att før eg fekk lagra det. Desse fire sidene fekk eg skrive ned etter minnet før øvinga. Det er alltid irriterande å mista arbeid, men erfaringane tilseier at det som regel blir betre etter andre gongs skriving. Ein får bare bita tennene saman og skriva på ny.

Innimellom all jobbinga var Jan Ivar og eg på Peppes og åt lunsj. Ein tidlegare elev var servitør der, og eg fekk snakka ganske mykje med han. Dei fleste tidlegare elevar ser ut til å hugsa skuletida med glede når det bare får gått litt tid. Leonard Cohen song Everybody knows frå høgtalarannlegget. Samtidig med at me åt og la planar for dramatimane våre send eg sms-ar fram og tilbake til sjukehuset for å bli oppdatert på situasjonen der.

Og livet mitt er ikkje eit teaterstykke. Det bare kjennest slik av og til.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eilen permalink

    Førestillinga i dag var flott. Du er sååå god!
    Rart å tenkja på at eg ser deg og snakkar med deg kvar dag – eg veit jo så lite om kva som skjer i livet ditt. Seier kanskje litt om skulekvardagen….. Uansett set eg utruleg stor pris på å få kjenna deg og jobba i lag med deg!

  2. Ukjend's avatar
    Eilen: permalink

    Tuuusen takk! Nå vart eg glad!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Den over var det eg som skreiv til Eilen, altså. Nå går det litt rundt for meg.

  4. Ukjend's avatar
    inger permalink

    Utruleg flott teaterførestilling, Heidi!! Eg blir alltid like imponert, rørt og glad når eg stikk innom aulaen der du og Jan Ivar m fl. har ansvaret. Eg har sunge ungane mine i søvn utallige gonger til denne songen. Liker best: «Livet vever på sin vev» – og forhåpentlegvis også snart på min:)

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Klart du vever på din vev snart. Vakker song og vakre ord. 🙂

Legg att svar til inger Avbryt svar