Gå til innhald

Den første i første.

januar 1, 2008

Me er plutseleg i januar. Året er nytt og så godt som ubrukt. Bakken var kald og rimkvit under dei raude skorne mine, og vasspyttane hadde eit tynt, tynt islag. Sola skein lågt på vinterhimmelen og takka tidleg for seg. Folk var ute på stille nyttårsvandringar og helste godt nytt år på dei andre som var ute i gatene. Eg enda opp på skulen min for å jobba litt. Nå har eg heile bygningen for meg sjølv og sit her medan mørkret pakkar huset inn i sein januarettermiddag.

I natt var me på nyttårsfest hos gode vener, det var fint. Nå er jula ute og året inne, og nå blir kunsten å finna tilbake til kvardagane. Året vart innleia med stjerneskot og fyrverkeri, kaker, kaffi og sjampanje, selskapsleikar og salsadans. Til slutt vandra me heim under høg og klar stjernehimmel medan lukta av krutt framleis låg over bakken etter alt fyrverkeriet.

Nå blir kunsten å finna vegen tilbake til kvardagen og landa stødig i sitt eige heilage kvardagsliv.

Godt nytt år til gode vener og til trufaste og tilfeldige lesarar.
Måtte det vidunderlege skje.

May the road rise up to meet you.
May the wind be always at your back,
and the rain fall gently on your fields.
And until we meet again,
may The Good Lord keep you
right in the palm of his hand.

Irish blessing.

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Är jag oförskämd om jag säger att jag ser fram emot ett nytt Heidi-år?
    Tack för allt du ger mig, jag vet inte hur jag skulle orkat utan dig ❤

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, morsan, eg tek det som eit stort kompliment, og trøystar meg med dine ord når eg er redd for å ta for stor plass her. 🙂

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Inte kan du ta för stor plats!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Tintomara. Av og til lurer eg litt på akkurat det mår meir enn halvparten av innlegga er mine. Skribentane her er ikkje så ivrige som dei er ein del andre stader.

  5. Ukjend's avatar
    Borghild permalink

    Godt nytt år 🙂

  6. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg er heilt einig med morsan: Gler meg til eit nytt Heidi-år!!
    Imorgontidleg er eg på vengene til Stjørdal på dirigentkurs med ein inspirerande afrikanar…!!
    Trur det er langt fleire som nyt å lesa epistlane dine – enn som legg igjen kommentarar – eg veit om fleire!!! Dei ivrige let seg ikkje måla i antal ord, veit du!!

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Godt nyttår kjæra Borghild!
    Eg meinte ikkje kommentarskribentane, Torhild, men dei andre som skriv tekstar her. Fordi eg skriv ofte og mange av dei andre sjeldan så blir det liksom mange tekstar frå meg i forhold til tekstar frå alle dei andre! God tur til Stjørdal, det høyrest veldig kjekt ut!

Legg att svar til Borghild Avbryt svar