Gå til innhald

For snart 17 år sidan.

januar 6, 2008

Korleis eg klarte meg før eg fekk blogg? Eg skreiv i skrivebøker. I dag fann eg litt av kvart då eg rydda. I den småhustrige vinterdagen plukkar eg fram første og andre mai for sytten år sidan. Då var eg gift med same mannen som i dag Odd Christian var fire år, og Ingrid skulle snart fylla to.

Vennene me var i lag med var dei same eg skreiv om i går. Eg jobba på same plassen som nå. Det som slår meg når eg les desse tekstane er kor lite eg har forandra meg på sytten år. Eller kanskje det bare er noko eg trur?

Kjærasten min og eg på veg ned mot sentrum
delvis hand i hand.
Me høyrer korpsmusikk.
Den aller første i år.
Skal me springa?
spør eg-

Dei syng internasjonalen
stemmane ber ikkje heilt.
Det er heller spinkelt.
Jostein har heimestrikka genser.

Åse Marie og Ingrid
saman på ein haug av sand.
Ropar i kor og fryder seg over lyden.
Ingrid drikk mjølk av ein plastkopp ho har fått låna.
Ho har rosa matrosdress som mormor har kjøpt,
og ny blå sommarjakke frå oldemor og Ellos.
Ho er full av sandflekkar,
eg skulle kanskje ikkje lete ho leika i dei dine nye kleda.

….

Heidi og eg er på kjøkkenet.
Ho steikjer poteter og karbonadar.
Av og til blir eg så redd for å vera alvorleg sjuk, seier eg.
Det er ekkelt å gå og engsta seg seier ho.

Me fire vaksne sit tett i lag i sofaen.
Eg trekkjer beina godt oppunder meg.
Eg var viss for tynnkledd i dag, har fått frost i meg.
Gutane ser på barne TV. Jentene spring rundt i stova.
Nei, nå må me dra, seier Per Inge.
Kven blir første mann til å reisa seg, spør Heidi.

-Kan eg sjå Dumbo-film til eg skal i barnehagen?
spør Odd Christian.
-Nei, for då skrik du bare når me må skru av, seier eg. – Eg skal lova å øva meg alt eg kan, seier Odd Christian.

Eg går fort. Det er kjøleg ute. Eg skal nå jobben.
Litt før den siste rundkjøringa høyrer eg klokka ringa kvart over åtte. – Skal seia du spring fort, seier Tove. – Det er det tempoet eg plar gå i, svarar eg.

Me stiller elevane opp og skal gå heim frå skulegudstenesta. Tove står først med ein elev i kvar hand. Eg dannar baktroppa. – Eg trur eg vil gå inn i ein butikk og stela mange fine ting,
seier ein av gutane. – Nå tullar du fælt, seier eg. – Ja, nå tullar eg fælt, svarar han.

– Eg har vore med på å betala klasseballen, då har eg
rett til å vera med, seier han.
Han er sint og såra og ropar orda ut i klasseromet. – Eg har aldri sagt at du ikkje fekk vera med, seier ho.
Ho legg hovudet sitt ned på pulten og gret.

Guten me er støttekontaktar for fyller år. Me feier han på
terassen. Han opnar pakkane. Først eit Tom og Jerry blad.
Så ein pakke luktepennar, og eit rullebrett som er ein blyantspissar. I den siste og største pakken er det ein
blå og kvitstripete genser.

Hurra for deg som fyller ditt år, syng eg og kjærasten min. Hurra for deg og Happy birthday. Det kling heller spinkelt der ute i friluft.

– Akkurat slik genser var det eg ynskte meg, seier han.
Me grillar pølser. Det viser seg at han ikkje liker marengskake.

Det er rart å møta sitt eige liv i døra sytten år seinare. Og rart å tenkja på at om nye sytten år vil eg snart vera seksti… Skriveboka mi rommar fleire epokar i livet. Kanskje eg kjem hit med fleire. Så blir det liksom endå meir dokumentert. Men nå må eg inn i nåtida og leggja siste hand på skodespelet vårt.

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Gunn O permalink

    Av og til, slik som nå, får jeg bare lyst å gi deg en klem…….
    Blir blid av deg, som før.

  2. Ukjend's avatar
    maybrit permalink

    livet er som en spiral – semme runder igjen og igjen – men forhåpentligvis med ny innsikt i hver nye runde….

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nå blei eg og blid, Gunn!
    Og eg tek gjerne i mot klemmar. 🙂
    May Brit. Ja, rundt og rundt.
    Lurer på om me forandrar oss meir enn me trur, eller kanskje me ikkje gjer det…

  4. Ukjend's avatar
    maybrit permalink

    godt spørsmål. jeg tror endringene er konstante på sjelsnivå – hvor lang tid det går før uttrykkene endres i personligheten. hmmm. godt spørsmål

  5. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Heidi – ikkje for å strø salt i såret. Om sytten år er vi nok sekstifire år…berre for ei orientering.

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eva Mari: Hæ eg… det er dette med meg
    og realisme i forhold til tal…

  7. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    sånn ca 64 og AFP?

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eva Mari og Leif: Dokke får meg heilt på fælinga…

  9. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    AFP?Ikkje Heidi,nei! Eg er overtydd om at du held koken på scene, i klasserom, i kyrkja – ja midt i det sprell levande livet – til du rundar 70 – minst!!!

  10. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk Torhild, det gjorde meg godt å høyra. Skal me seia 75+

Legg att svar til Eva Mari Avbryt svar