Gå til innhald

Morgon i Oslo.

januar 11, 2008

Eg er midt i ein draum om å arrangera ein heller særeigen konfirmasjon, då eg blir vekt av god kaffilukt frå ein raud kopp med små kvite prikkar, og eit blidt god morgon frå Eva Mari.

Så et me omelett og stablar oss inn i bilen med Henrik bak rattet og retning byen. På St Hans Haugen takkar Eva Mari og eg for turen. Klokka er åtte, og framleis er det grålysning i ein morgonmørk by. Me går inn i ein butikk som reklamerer med å ha vakre unge menn frå Toten og ferske grønsaker. Mannen bak disken er ikkje totning, men ein vakker ung danske som får meg til å le. Dei sel spanske og engelske julekaker til halv pris, og ein kasse er merka “Bananar frå Toten.” Appelsinene er store og oransjegule.

Eva Mari ser på klokka og meiner me har tid til eit morgonprosjekt til. Eit par hus lenger nede i same gata
ligg ein koseleg kafé. Dei fortel at dei sel rettferdig kaffe, direkte frå ein leverandør i Brasil. Me bestiller kvar vår kopp cappuccino og ein grov scones på deling, så set me oss på kvar vår høge barkrakk og ser på morgonlivet medan eg et cappucinoskum med kanel på med teskei.
Av ein eller annan grunn er det akkurat som å vera i København, kanskje det har med den danske baristaen å gjera.

Ennå eit lite stykke tek me fylgje Eva Mari og eg, før morgonvegane våre deler seg og eg set kursen mot sentrum. I Akersgata står det folk med dynejakkar og vinterluer og les monterutgåvene av Dagens aviser.
Dei fleste skal vera på jobben sin snart, og går medmålretta steg mot arbeidsplassen.

I Karl Johans gate er det varebiler som leverer dagens forsyningar til butikkane. Framleis er dei fleste butikkane stengde og hovudgata i landet er mørk og relativt folketom.

Utanfor sentralbanestasjonen står ein mann og spelar trekkspel, og i utstillingsvinduet på ein Second Hand butikk får ein tilbod om å kjøpa ei setesdalskofte som er pynta med lange lause trådar i glade fargar.

Ved Oslo Børs svingar eg til høgre og går forbi lokalet der Kirkens Bymisjon akkurat er i ferd med å servera frokost til dei som treng det aller mest. Utanfor inngangsdøra står ein gjeng og røyker saman, medan andre er i full gang innanfor med kneippbrød og bringebærsyltetøy.

Nærmast med ein viss rutine finn eg fram til Kirkens Hus og får ein nyttårsklem av Oskar Stein og Astrid før eg kvitterer meg inn i gjesteboka.

Ein dag begynnar.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Vegen kjem deg i møte:)

  2. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Du sanser så vakkert – takk for fylgjet…

  3. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Føle absolutt at me leve…

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Klart me lever, og det har me tenkt å halda fram med.

Legg att svar til Eva Mari Avbryt svar