Gå til innhald

Å la seg trekkja inn i noko.

januar 12, 2008

Inn i eit sjukt sett tankar og eit plaga sinn, til dømes. Desse opplevingane har eg hatt i heile mitt lesande liv. Nå sist blei eg trukken inn i det medan eg sat på toget.

Då eg var tjue år og gjekk på lærarskulen sat eg ein halv dag på lesesalen og las “Isslottet” av Tarjei Vesaas. Eg hugsar ennå den litt tranceaktige kjensla som kom over meg. Eg klarte ikkje å leggja boka frå meg, og eg brukte store deler av dagen til å rista av meg trancen. Eg veit ingen andre måtar å gå så langt ut av meg sjølv og inn i andre som å lesa ei bok.

På vegen bort hit las eg ei bok som tok skikkeleg tak i mageregionen. Eg hadde med meg romanen “Renselse” av Tore Renberg. Der blir du trukken så grundig inn i ein sjuk hjerne og eit plaga sinn at logikken kring etikk og grenser, det gode og det vonde blir flytta på og gjort utydeleg.

Plutseleg sit du der og trur at kven som helst kan glippa grepet. Kven som helst kan oppleva det logisk å drepa fordi verda plutseleg blir speilvend og sanninga står skriven opp ned.

Då ser ein seg litt om i kupeen. Kven av medpassasjerane
kan allereie tenkjast å ha slike tankar. Kunne det plutseleg skje med meg?

Boka er veldig velskriven, og eg anbefalar ho. Som skrivande menneske kjende eg på at Renberg må vera ein modig mann.- Som vågar å skriva slikt som andre blir fælne av å lesa.

Nå har me foreteke eit byttelån. Eva Mari skal lesa “Renselse”, og eg skal lesa “Drageløparen”, på toget heim. Eg gler meg.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Jeg koser meg med drageløperen nå. klem til deg og eva mari

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Klem tilbake frå oss begge!

  3. Ukjend's avatar
    RaTo permalink

    Ja, då trur eg Drageløparen vil setta varige spor hos deg. Det er vakkert, grusomt ? alt! Og med det same vil eg anbefala den neste boka hans ? Tusen strålende soler. :o)

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ra To: Ja, eg las boka på toget. Klarte ikkje leggja ho vekk. Nå må eg prøva å få tak i den neste. Eg grøssar over korleis det blir beskrive å vera i Afganistan.

Legg att svar til May Brit Avbryt svar