Gå til innhald

Hopsan…

januar 18, 2008

Eg er ikkje glad i å gå til legen. Der kan ein nemleg koma til å få avdekka at ein er sjuk. Hadde det ikkje vore for celleprøven frå livmorhalsen som norske kvinner er “pålagde” å ta kvart tredje år, så hadde eg sikkert aldri gått dit i det heile tatt. Eg lever nemleg lukkeleg under strutsemottoet: Det ein ikkje veit har ein ikkje vondt av.

Det høyrer med til min sykliske besøk-hos legen-frekvens å få eit par purrebrev frå kreftregisteret av typen: Me kan ikkje sjå å ha registrert at det er tatt celleprøve dei siste tre åra. Etter eit par slike tuslar eg meg til legesenteret, det vil seia sånn ca med fireårsintervallar…

Heldigvis er legen min med all god grunn ein veldig populær dokter, så ho opererer med sånn ca to behagelege “Psyk- deg- opp- månadar” frå ein bestiller time til ein faktisk må dukka opp på kontoret hennar…

På måndag var dagen komen. Og somvanleg foreslo ho å sjekka ut litt grundig sidan ho først hadde meg der. Alt såg bra ut så langt, men hypokondar som eg er så veit eg at alle prøver av ulikt slag faktisk er der for å dekka av eit eller anna som kanskje kan vera i uorden.

Eg trudde eg var “trygg” for prøvesvar den første veka, men allereie på onsdag låg det ein kvit konvolutt i postkassa med stempel frå legekontoret. Dei slo fast at blodsukkerverdien var litt høg, så for sikkerheits skuld ville dei gjerne at eg skulle koma innom ein dag det passa for å måla blodsukkeret på ny og ta ei glukosebelastning…

Så i dag føremiddag reiste eg ned etter å ha fasta frå i går kveld. Der tok dei ei ny blodsukkermåling som var litt i grenseland, og så måtte eg drikka to glas med sukkervatn og setja meg ned og venta i to timar. Lett ør av alt sukkeret sat eg der og las i magasinet “Strek” om kristen meditasjon og om å våga å søkja seg sjølv. “Bare den er redd for einsemda som ikkje har oppdaga dybdene i seg sjølv og i Gud. “ Radioen var på over høgtalaranlegget og Elvis Presley song: “Please release me, let me go…” Det var ikkje vanskeleg å vera enig med sistsyngande…

Der sat eg, eigentleg ganske roleg tilhøva tekne i betraktning og lova meg sjølv og alle gode makter å leva eit sunt og prektig liv dersom eg slapp unna diabetesdiagnosen denne gongen… Eg såg for meg lange utreiingar og daglege insulininjeksjonar, og bestemte meg for at eg skulle nok leva langt og lukkeleg med det og om eg måtte…

Då dei to timane var gått var eg innstilt på det meste, men håpa det beste… Resultata var i det minste i rett ende av skalaen… Verdiane var for høge til å vera heilt normale, men heldigvis for låge til å kvalifisera til å ha diabetes 2. Men eit kraftig skremmeskot var det. Dama på laboratoriet meinte at med trim og bevisst kosthald og endå meir vektnedgang hadde eg gode sjansar til å normalisera blodsukkeret. Klart eg skal bli flinkaste jenta i klassen…

Eg har levt i halvanna år på ein diett mest heilt utan sukker og andre karbohydrater, men har hatt pause nå i jula og ete meir eller mindre normalt då. Lurte litt på om det på nokon måte kunne ha påvirka verdiane, men det kunne ingen svara meg på. Eg har i alle fall fått grønt lys for å halda fram med dietten.

Ingrid seier, “Fy så urettferdig, eg kjenner ingen som et så sunt som deg.” Eg svarer at eg får bare vera glad det ikkje er noko verre. Eg er jo aldri sjuk, så innimellom må det vel vera min tur og… Men det kjennest på ein måte sjølvforskyldt, sjølv om eg har kjempa mot dette med overvekt i heile mitt vaksne liv, så må vel resultata kunna seiast å vera noko blanda…

Så får ein trøysta seg med at blodtrykk og kolesterolnivå er fin-fint…

I dag då eg sat der og venta med hovudet fullt av sukker så reflekterte eg litt over godleiken. Vondskapen høyrer ein så mykje om, men legg ein merke til det gode?

Eg observerte ei mor som var så fin med dotter si som sat og venta på å få koma inn til legen med eit eller anna preparat sprøyta inn på augene. Mora trøysta, småprata. las frå eventyrbøker og fortalde jenta kor flink ho var. Ei anna mor fortalde treåringen sin at sidan ho var så flink skulle dei gå i leikebutikken og kjøpa dokkestellebord etterpå. Mormora som var i lag med dei for å passa babyen medan dei var hos legen sa at den leika ville ho betala.

To eldre kvinner som venta på laboratoriet snakka saman om korleis det var å leva med ein mann med alzheimers, og ein mann hadde truleg teke seg fri frå jobben for å fylgja den nitti år gamle mor si til legen. Han var så fin med henne og behandla henne med ein respekt som berørte meg. Damene på laboratoriet var så venlege både med meg og med dei andre pasiantane. Eg vart så glad fordi det faktisk er slik det er. At folk møter einannan med omsorg og respekt.

Og nå fekk eg akkurat innkalliing til tannlegen… Så fint då slepp eg å melda meg sjølv med den tanna som brakk før jul. Og det beste av alt: Det er mest tre veker til den dagen eg har tannlegetime.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: