Gå til innhald

Finding Neverland:

januar 25, 2008

På sundag tok eg ein tur på ergometersykkelen min, og då ser er fjernsyn. Eg bestemte meg for å kikka litt på Finding Neverland som gjekk på NRK, men hadde vel ikkje dei heilt store forventningane. Det viste seg å vera ein nydeleg film. Eg fekk kjærasten min til å lagra resten av filmen på hard-disken, og på grunn av manglande teknisk innsikt fekk eg med meg slutten først nå i føremiddag.

Og eg håpar at Neverland ikkje er stengd for nokon av oss. Staden for leik og fantasi og alvar. Staden for alt som finst som me aldri snakkar om, alt som finst som me ikkje har ord for, og alt som bare kanskje finst…

Fanatikaren i meg har vakna så lenge det varer. Eg vil påstå at han ikkje er berar av mitt mest dominerande karaktertrekk, men han finst der ein stad, og er henta fram for anledningen. Eg må innrømma at eg fekk ein støkk då eg fekk diagnosen for høgt blodsukker for ei veke sidan. Eg fekk beskjed om at eg med rett kost, fysisk trening og vektnedgang hadde sjansen til å unngå å få diabetes, men at eg var tydeleg disponert for det.
Og tida tikkar som klokka i krokodillemagen i Neverland, og eg har bestemt meg for å ta eit krafttak for å unngå diagnosar det kan vera fysisk mogleg å unngå…

Eg har kartlagd at blodsukkeret er heilt normalt når eg et karbohydratfattig mat, så forsåvidt var det flaks eller uflaks alt ettersom, at eg hadde ete såkalt normalt i vekene før legebesøket. Eg hadde ei slags kjensle av at det var tryggast å ikkje vera på ekstremkur når ein skulle ta prøvar, så det er på ein måteheilt tilfeldig at det blei oppdaga i det heile tatt…

Men livet vever på sin vev, og trådane er i djupe vakre fargar, med ein ørliten mollstemt tone av januar og mørketid. Morgonane er framleis mjuke med tende lys i klasseromet og soloppgang utanfor vinduet ein gong mellom ni og halv ti.

Eg fekk ein støkk på torsdag då Ingrid kom heim og fortalte at ho plutseleg hadde besvimt på jobben, men at snille kundar hadde teke godt vare på henne. Truleg skuldast det at ho hadde ete alt for lite, for etter å ha fått litt mat og drikke var ho i god form og har vore det etterpå. -Men det er travelt å gå siste året på vidaregåande skule og å jobba så mange timar som ho gjer utanom i butikk. Eg er vel ikkje verdas beste eksempel på det å ikkje ta seg heilt ut…

I går var kjærasten min heilt i Bodø for å halda kurs. Eg hadde så mykje eg gjerne ville ha gjort på jobb før eg gjekk heim, og fekk litt dårleg samvit då Sunniva ringde og sa at det ikkje var mat i huset, og at ho snart skulle vera på danseundervisning og så gå vidare til ungdomsgruppa i kyrkja. Eg innsåg at huset var kjemisk rensa for ferdigpizza, suppeposar, nudler, karbonadar og anna ein kan ty til i nødsfall…

På impuls bad eg henne koma ned på jobben, så kunne me for ein gongs skuld eta ute. Eg fekk hanka med meg Halvard og som var på gitartime… Men klokka tikka, og tilbodet på veldig rask mat viste seg å vera svært begrensa.

Det ende med at dei to fekk kvar sin tallerken pommes frites og eit glas brus som var inkludert i prisen.
Eg var ikkje spesielt imponert over min eigen evne til nærigsvit på vegne av avkomet, men får håpa dei opplevde det hyggeleg å bli invitert ut på middag. Sjølv raska eg med meg eit beger salat frå daglegvarebutikken, som eg åt på jobben etterpå. Der forblei eg, mellom anna i krangel med ein gjenstridig kopimaskin til klokka var ni om kvelden…

Nå sit eg her og skriv med stoppeklokke… I kveld skal eg ha besøk og huset treng kjærlege hender. Men skriving er ein flik av Neverland som ein skal ta seg tid til å oppsøka…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ra-To permalink

    Kjære Heidi, godt å høyra at du tar vare på deg sjølv! Eg tok opp «Neverland» og såg han sist mandag. Regnet strøymde ned utanfor. Inne var det eventyr og magi, og tårene rann. :o) Ha ei fin helg! Eg er så heldig ? skal til København og kosa meg i morgon!

  2. Heidi: permalink

    Åhhh, København! Flottaste byen i verda! God tur!

  3. Borghild permalink

    finding neverland er ein nydelig film!

    eg har nettopp vore på kino og sett ; across the universe, den anbefaler eg…
    ha ei fin helg, tante 😉
    klem fra bergenborghild

  4. Heidi: permalink

    Klem tilbake bergenborghild? Kva handlar filmen om?

  5. Heidi: permalink

    Eit spørsmålsteikn for mykje. Du treng ikkje grubla på om det betyr noko, bare litt seint på kvelden…

  6. borghild permalink

    filmen er en slags musikal med sanger fra the beatles… kjærlighet, hippier og krig

  7. Heidi: permalink

    Høyrest bra ut, Borghild, den må eg sjå 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: