Gå til innhald

Sånn omtrent den finaste dagen…

mars 31, 2008

… som tenkjast kan. For det går an å eta tidleg lørdagsfrokost når ein gjer det på eit hotell i Amsterdam og er i godt selskap…

Etterpå gjekk me ut på gata og bestemte oss for at det var ein av dei dagane gå paraplyen hadde det best i kofferten.

Kirsebærtrea blømde, og ein god del av dei trea som luta seg over kanalane var merkbart grønare enn dei var første dagen me var der. Like ved ei kyrkje med kongeblå kuppel stilde me oss i kø framfor huset der Anne Frank gjekk i dekning i lag med familien sin under krigen.

Ein burde vakta seg for å marsjera i takt. Eg håpar det som skjedde under krigen har lært oss noko om å ikkje underkasta oss maktstrukturar utan å lytta til hjarte og magekjensle. Det var mange ungdomar og store barn inne i museet saman med oss, og dei var prega av alvoret
som budde i huset.

Me spaserte gatelangs og fant noko i eit lite hus som eg tolka til å vera eit lokalt loppemarknad. Me gjekk inn og fann heimehekla dukar, gryteklutar og treleiker. På eit bord låg det ein stabel gamle postkort og fotografi. Sidan eg har ein litt sær kjærleik for den slags, samla eg saman ei lita bunke og rekna med at det gjekk til ein god sak.
Nøyaktig kva loppemarknaden var til inntekt for var det liksom litt vanskeleg å få tak i…

Først då eg spurte spesifikt etter fekk eg svar: “Ser du ho som sit der borte? Ho driv ein heim for heimlause kattar på ein av kanalbåtane… Det er det pengane skal gå til…” Dette var eit svar eg hadde stor sans for. Det må då vera dagens gode gjerning å hjelpa huslause amsterdamkattar å få ein husbåtheim…

Eg fekk kjøpt meg fotografi av hollandske barn på femtitalet, Inger ein tommestokk med historisk tidslinje på, Oddny kjøpte luer frå Peru og Rigmor fann hundrevis av skobutikkar. Me kunne alle pusta lukkeleg og konstatera at det var vår i lufta.

På Damplats møtte eg Jan Ivar blant statuemenn utkledde som hulken og gorillaer, og ein amerikansk sjonglør, som prøvde seg som stand-up-komikarar, medan han kasta knivar og brennande faklar opp i lufta.

Resten av dagen sulla me rundt i Amsterdam og beundra gamle murhus som var så skeive at me knapt trudde nokon kunne bu i dei, husbåtar med klesvask over dekket, og barn som leika på fortauet utanfor dei knøttsmå leiligheitane dei budde i, der me kunne kikka rett inn i stova. Tulipanane blømde på blomstermarknaden, og vaksne menn sykla rundt på damesyklar med silkeblomar dandert utanpå korga på styret. Innimellom vandringa drakk me kaffi og kvitvin på ein fortausrestaurant ved ein av kanalane, og åt ost og pizza på ein kafé.

Eg beundra ein vakker gammal mann som kom med armane fulle av matvarer og blomar, på veg heim frå marknaden. Akkurat då eg hadde gjort Jan Ivar merksam på han, snubla han så lang han var. Eg fekk hjulpe han på føtene og med å plukka rabarbra og bananer og tulipaner opp frå fortauet. Han forklarte meg på nederlandsk at han hadde snubla i ein sykkel. Eg smilte beklagande og sa “alstublieft” på mitt beste nederlandsk.
Jan Ivar meinte eg trivdest så godt med å leika reddande engel ute på gata at eg var betrudd til å leggja ut snubletrådar…

Me rakk så vidt heim til hotellet før det var ny felles middag på Vertigo med løksuppe og gratinert geitost, entrecôte med fennikkel og bakte epler med krem og kanelis.

Og plutseleg mista me ein time då me skrudde klokka. Me hadde i grunnen for få frå før. Då me gjekk tilbake til hotellet sånn ut på natta fant eg og Inger ut at me ikkje kunne sova vekk siste natta i Amsterdam. Me vandra gatelangs ved kanalane og gjennom bygatene til klokka var halv fire. Det var masse folk ute, og i små butikkar kunne ein kjøpa iskrem, frukt og hasj-sjokolade…

Det slo meg at det var utruleg lite bråk og tull ute i gatene. Kanskje fordi det var ganske mange politifolk ute, både til hest og med hundepatruljar.

Dei har eit forsprang på oss reint årstidsmessig, men nå har eg sett både kirsebærtre og tulipanar i bløming. Me har alt godt i vente…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Å, jag vill minsann också bo på husbåt i Amsterdam! Måste man vara katt?

  2. Heidi: permalink

    Nei, men det hjelper. 😉
    Det såg veldig idyllisk ut, men er vel kanskje aller best når dagane er varme og lyse…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: