Teamarbeid
er eg veldig glad i å driva på med. Men då skal det vera ekte teamarbeid av den sorten, der det me kan tilsaman er noko ingen av oss kan aleine. Skuleteaterprosjekta våre er eit eksempel på dette. I dag har så godt som dagen vore teater.
Me møtte ein time før elevane. I alle fall var det slik i teorien. Første ledd i planen var å plukka fram dei siste kostyma, kopiera ekstra manus til lys og lyd, hella eplemost over på ølflaske – og setja på korken, blåsa opp ballongar ,og rigga scenen.
Så var det på tide med kostymeprøver, der ein del av det heile var å integrera dansarar og orkester i stykket, finna ut kven som tek rekvisittar ut og inn, opnar og lukkar sceneteppet, og kven som passar på glasauga til fru Dust når det ikkje er i bruk. Dessuten måtte me finna ut kven som hadde tid til å kjøra til dyrebutikken og kjøpa melormar, og kven som skulle slepp apekattane ut av buret…
Etter nokså kaotiske kostymeprøvar, gjekk me rett på generalprøve med myggar, lys og handhaldne mikrofonar.
Vel gjennom generalprøven på eit vis, sprang me vaksne ned til byen og inntok det tradisjonelle måltidet me får nyta på kafé dei to gongene i året det er kveldsforestilling i skulen sin regi.
Så var det ein rask tur innom butikken for å kjøpa hårstrikkar og store mengder bananar. Før me var på plass på skulen att, stod dei første elevane klare til å bli sminka. Så sminka og tupperte me dustar, apekattar, fuglar og forteljarar. Me rakk å varma opp songstemmene
og gje dei siste omgang instruksar, før aulaen vart fylt opp med søsken, foreldre og besteforeldre. Hr og fru Dust stod klare i frys med teppe over seg i åtte og eit halvt minutt før dei lot seg avduka.
Etter at foreldra har klappa, rektor har halde tale og me har smilt og prata med foreldra, er det lett rydding og vask av spaghettigryter og middagstallerknar, før det er på tide å vakla heim. Eg kom heim med klokka til hr Dust på armen.
Nå har eg sett på den danske TV-serien Album om å veksa opp på 70-talet. Nå må eg prøva å få eit par timars søvn før det blir skuleforestillingar i morgon på dagen, og dei to teatergruppene i kulturskulen på kveldstid.
Heidi