Gå til innhald

Zorn, Krøyer, Ancher og Carl Larsson…

juni 8, 2008

Heile gjengen med sommarmalarar skulle ha vore her hos oss dei siste vekene. Det har vore så vakkert ute at nokon burde ha festa det med penselstrok til lerret. Mitt vesle bidrag i denne samanhangen er å prøva å festa inntrykka med fingertuppane til tastaturet, men det blir ikkje heilt det same…

For tidleg juni her i norden må vera noko av det finaste som tenkjast kan, så lenge sola skin. I går hadde me hageselskap hos onkelen min for å feira at han fyllde 70 år. Dei hadde spent opp wolleyballnett i hagen, og alle unntatt meg i min generasjon pluss alle ungdomane våre spelte wolleyball. Eg sat på sidelinja med eit kamera og lot meg imponera. Ballspel har aldri vore heilt mi greie, og wolleyball forbind eg med å irritera alle på laget mitt fordi eg var klønete og ukonsentrert… Midt i selskapet kom Odd Christian heim på sommarferie, med alle eksamenane bak seg, og ein sommarjobb på den lokale pleieheimen framfor seg. Som alltid vart eg så veldig glad for å sjå han att. Som ei hønemor nyt eg å ha alle mine rundt meg, og med Oddvar og Vilde i bonus, er me ganske mange her.

Eg lurer på om me tok ein slags avskjed med sommaren nå nettopp, for temperaturen sokk ganske kraftig i løpet av eit par tidlege kveldstimar, og då me sat rundt bordet ute på terrassen og avslutta middagen, var det lett yr i lufta. Eg har teke inn tepper og handkle i tilfelle det blir skikkeleg regn av det. Jorda og graset kunne trengt litt vatn nå, det har så å seia ikkje vore nedbør dei siste seks vekene, og det er heilt eksepsjonelt i dette hjørnet av verda. Det er kome forbod mot å vatna plen og blomar med hageslange for å unngå at vatnet skal ta slutt.

Apropos dei store kunstnarane i overskrifta. Ville maleria
deira vore like stemninsfulle om folk hadde hatt moderne klede og jobba med moderne reiskap? Er det trongen vår til å romantisera som gjer at me synest kleda og gjeremåla frå den gong ser idylliske ut, medan vår eiga tid er triviell og lite spektakulær?

Det er to veker att av skuleåret. To veker med repetisjon, prøvar og avrundingar. Får håpa me klarer å halda på motivasjonen både store og små.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    Wolley? Håper du kommer hjem nå slik at vi kan ha litt kvalitetstid

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Fann ikkje heilt ut om det heitte wollyball , eller wolleyball, fann begge
    stavemåtane på nettet, det seier vel litt om mitt forhold til sporten at eg ikkje kjenner til den vanlegaste stavemåten.

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar