Gå til innhald

Dei som dansa

juli 4, 2008

vart rekna for å vera galne
av dei som ikkje høyrde musikken…
(Eit veldig fint sitat som eg har gløymt
kor eg plukka opp.)

Av og til er det vanskeleg å hugsa at du ikkje alltid høyrer den same musikken som dei du møter. Det er ikkje ein gong slik at dei du lever nærast til alltid høyrer den same musikken som deg. Då kan det vera vanskeleg å finna ut korleis det skal dansast…

Dessutan slår det meg kor vanskeleg det kan vera å snakka om veldig viktige ting på ein god måte. Det å finna dei rette orda, få sagt det akkurat slik du tenkjer det, få til å lytta til kva dei andre seier og klara å koda av kva dei meiner. Kommunikasjon er ikkje for pyser… Og for å gjera det heile vanskelegare eller kanskje lettare alt ettersom ein ser det, så utgjer orda bare ein brøkdel av totalformidlinga. Kroppsspråk, tonefall, stemmeleie, mimikk i ansiktet og varme eller manglande varme i blikket…

I går kveld var eg ute med ein gjeng venninner. Då me reiste heim klokka elleve var det framleis så varmt at folk sat ute med bare armar og nakne bein. Det er så fint.

Varmt var det på soveromet vårt og, og for første gongen sidan me flytta inn her for atten år sidan, sov me heile natta med vidopen dør frå soveromet til hagen, med fri tilgang for eigne og andres kattar og andre bevinga og tobeinte vesen.

Om det var det frie leiet som gjorde susen eller ikkje veit eg ikkje, men då Ingrid vekte meg for å få meg med på ein sunn og oppbyggeleg spasertur, var eg i draumen på veg til ball på slottet. Det som plaga meg var at det stod i invitasjonen at antrekket var ermelaus aftenkjole. Sjølv i draumen var eg smerteleg klar over at det ikkje var det mest kledelege til min figur, og lurte på om ein verkeleg var forplikta til den slags etikette. Mor hadde funne eit stort sjal til meg, som eg sjølv meinte ikkje var heilt godt i fargen. Nå løyste problemet seg via at eg vart vekt, så i staden vart det kaffi, rugsprø og eit grønt eple. Og for å sitera Askepott: -Kva er vel eit ball på slottet?

I dag hadde eg ei god og litt lat kjensle av at nå var feriemoduset på plass. Eg har dilla rundt i eit behageleg tempo, noko har eg fått ordna og noko ikkje. Eg fekk to bilbukser for pengane eg skulle kjøpa ei for, fordi det var tilbod på dei. Då eg stolt ankom onkel med fangsten, viste det seg at han heller ville hatt ei lys enn ei svart, så kanskje eg må ut på byttetokt. Uansett så gjekk eg der med ein bukett sitrongule roser som står fint i vasen.

Eg hadde ærend innom kyrkjekontoret for å finna ut konfirmasjonsdato for Halvard og sjekka om eg har rett konfirmasjonstidspunkt for Sunniva, før eg sender ut invitasjonar, men eg var for seint ute. Dei hadde stengt for dagen.

Så skulle eg kjøpa meir tråd til bunadsbroderia. For ei veke sidan sa eg kjekt at eg trudde eg hadde nok tråd, men nå ser eg at eg har alt for lite. Butikken viste seg å vera feriestengd til 11. august, og då bør eg helst vera ferdig. Eg får leita gjennom skapet mitt og sjå om eg finn skjulte skattar… Viss ikkje får eg finna på noko kreativt. Det ordnar seg vel… Reknar med at ein del av garnet er spesialfarga…

Derimot har eg kjøpt meg bikini. Overdelen kjem eg vel i alle fall til å bruka i litt skjerma samanhangar… Det kjem aldri til å bli mitt yndlingsantrekk, men på den andre sida, kor ofte er det eigentleg aktuelt å stilla i bikini. I USA kjøpte eg ei merkeleg badedrakt som er utforma som ein slags kort kjole. Artig eller heilt frykteleg, alt etter auga som ser, men ein bør sjå på både seg sjølv og andre med kjærlege auger, har eg ein teori om…

Sønene mine har skaffa seg noko utstyr til PC-en som gjer at dei kan laga opptak når dei spelar el-gitar og syng til, og dei har brukt timesvis i ettermiddag på å laga slike opptak. Dei har ledd og sunge, spelt og herja og med jamne mellomrom ropt meg inn for å høyra på opptak av
“I hurt myself today,” “Country-road, take me home,” og “There is a house in New Orleans they call the rising sun…” Eg merkar at dei faktisk har begynt å nærma seg einannan i alder og interesser. Åtte år er ganske stor aldersforskjell så lenge dei er barn, nå vil det langsomt jamna seg litt ut.

Sunniva har hatt det veldig fint på konfirmantleiren, men i dag fekk eg først melding om at ho og tre andre hadde blitt fråstolne lommebøkene sine. Etter nokre timar oppdaterte ho meg på at i-poden og var borte. Det er eit gigantisk stort arrangement, ein stor konfirmantleir tilknytta ein stor kristen musikkfestival. Eg skjønar at slikt kan skje, og prøvde å trøysta med at i beste fall blir tjueriet oppklart, og i verste fall så er det bare ting og pengar ho har mista. Ho blir teken vare på med både mat og reis, så det har ingen dramatiske konsekvensar for opphald eller heimtur.

Døgnet mitt er grundig snudd. Kanskje eg skal prøva å langsomt normalisera døgnrytmen?

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Det sitatet likte eg veldig godt…….hmm….skal legge det på lager. Me har vel både vært galne og sett galninger- og så var det kanhende ikkje så galt allikevel. Gode ønsker til deg og dine!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ikkje sant. Sånn tenkjer eg og… Gode ynskjer tilbake, og dans i veg…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar