Gå til innhald

Mine fem familiar.

august 9, 2008

Halvard spelar oss inn i dagen. Stairway to heaven, på den eine nye gitaren og Here comes the sun på den nye mandolinen.

Dagen skulle eigentleg ha begynt for fleire timar sidan, men det var så godt å sova. Eg vakna til regn mot ruta.

Dette blir den store ryddedagen, men sånn får det vera. Garderoben er fornya, med god hjelp på fleire plan frå Eva Mari. Dei nye kleda er fint lagde inn i hyller og hengde på kleshengarar. Ingrid har til og med kjøpt nokre små plagg som ho fann på utsal og meinte dei måtte passa til mora. Det gjorde dei. Nå burde eg vera klar for kjøpestopp…

Eg fekk med meg ei perle av ei bok frå Årjäng. Åsa Linderborg sin oppvekstroman “Mig äger ingen.” Det er ei nydeleg bok om ein barndom som ikkje var heilt A4. Dette fekk meg til å filosofera over dei fem familiane eg har erfaringar frå å vera ein del av…

Då eg vart fødd budde me heime hos bestemor og morfar. Der budde eg med foreldre og ein eitt år yngre bror, ein sjuk morfar, ei bestemor som likte seg best inne i huset og med
tre ugifte onklar som gjekk på arbeid kvar morgon. To av dei kom heim og åt middag kvar dag klokka tolv. Morfar kokte, seinare kokte mor middag til oss klokka tre, og om kvelden kom den siste onkelen som ikkje hadde tidleg middagspause heim og åt middag. Eg åt i lag med dei alle, og var bada i merksemd frå vaksne. Slett ikkje A4 det heller, men for eit barn som fekk kjærleik varme og interesse frå alle dei vaksne var det på sett og vis eit paradis. Sett ut frå augene til ein vaksen som ein gong har vore den fireåringen me snakkar om, vel å merka. For meg har det vore ein gave å veksa opp med så mange vaksne som brydde seg oppriktig om meg.

Farmor og farfar var framleis ganske unge då eg var fødd. Farmor var faktisk yngre enn eg er nå då eg var lita, det er rart å tenkja på. Eg hadde ein onkel som var stor gut då eg var lita jente, og ein gut frå Berlin som var yngre enn han igjen som var fosterbarn hos besteforeldra mine kvar sommar og ein vinter. Farmor og farfar dreiv gard og var alltid travle. Me var med dei i fjoset, fekk ta inn kyrne om kvelden, plukka bær og frukt i hagen klatra ned den gebrekkelege stigen frå låvegolvet og henta egg i hønshuset og fiska aure ute på vatnet. Det var eit godt liv det og, og når me vart større var me på feriar hos farmor og farfar heilt aleine. Der bad dei alltid bordbøn, lytta konsentrerte til gudstenesten på radio kvar morgon etter fjosstellet og gjekk i kyrkje og misjonsforening.

Forskjellen mellom dei to familiane var uendeleg stor, men for eit barn er det ikkje noko problem at ting er forskjellige bare ein kjenner forskjelligheita. Eg var like heime begge stader, og var ein like ubesværa part i begge familiane.

Så vaks eg etterkvart opp på eit byggefelt med foreldre og to sysken der alle husa var like nye. Dei vaksne omgjekkes dei fleste andre vaksne som var på deira alder og barna leika ute i gata om kveldane. Mor jobba heime til eg var stor, akkurat som dei fleste andre kvinnene. Far hadde ein jobb som krevde mykje. Me gjekk på skulen annankvar dag til å begynna med. Seinare kunne skuledagen vera frå ti til eitt den eine dagen, og frå åtte til elleve den neste. Det var ikkje noko problem, for mødrene var jo heime. Barnehagar hadde eg bare høyrt om på barnetimen for dei minste der dei av og til avslutta med å seia: “Nå har nok pappa gått til kontoret, og du skal kanskje i barnehaven eller i parken…”
Fritidsordningar hadde ingen høyrt om.

Då eg vart vaksen og møtte kjærasten min vart eg ein del av hans familie. Dei bur i ein kommune vest for Oslo. Der er det heilt annleis enn i nokon av dei tre familiane eg hadde frå før, og barna mine har fått sine erfaringar der som er annleis enn dei eg har fått som barn. Men den same varmen og det oppriktige engasjementet får dei med seg på same måten som eg gjorde.

Så er det min eigen vaksen familie då. Det lett kaotiske livet her i kråkeslottet vårt som ungane nok kanskje ville beskriva på sin eigen måte, men som eg har skrive veldig mykje om her før.

Og dette er sjølvsagt bare bittelitt om alt dette. Lampen kunne haldast opp på dei meste måtane og mange historier ville vore sanne på kvar sin måte. Men det er ikkje poenget her. Poenget er filosoferinga over rikdommen i å få høyra til i ulike system. Det å sjå at mykje kan fungera. Eg trur ein blir eit meir tolerant menneske av å få oppleva ulike ting.

Ein skatt til har eg med meg heim. Tre gamle Bergmannfilmar som eg verker etter å få setja meg ned med. Men først rydda og brodera… Og maten min luktar svidd…

Nokon som har lagt merke til at på proklamerte ryddedagar blir det ekstra fyldige tekstar på bloggen… Nei det kan då ikkje stemma…

Halvard er ferdig med ein imrpoviseringsrunde på pianoet og er i ferd med å overtala far sin til å kjøra han til ein plass der dei har ekstra bllige og gode gitarstrenger…

Vent litt då dagen! Nå kjem eg!

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Velkomen heim! Me må møtast snart!!

  2. Heidi: permalink

    Ja, Ingrid har lyst til å møta deg og.

  3. Leif permalink

    jeg vil også være med

  4. Heidi: permalink

    Det må me prøva å få til

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: