Gå til innhald

Snart september.

august 31, 2008

Nærmare bestemt om eit par timar… Og eg kan ikkje tru det… Eg avslutta for to minutt sidan ein lang og innhaldsrik tekst om konfirmasjonsførebuande liv i heimen, og så forsvann han i lause lufta då eg trykka på “Spara dagboken.”

Kanskje innloggingstida var ute, for eg vart avbroten midt i teksten, slik at det hadde teke lang tid frå eg logga inn?
Men i staden for ein lang tekst om å mista tekstar, skal eg i all korthet fortelja at eg i helga har:

Laga fire brett rundstykke til nedfrysing.
Vaska kjøkkenet. Kjøleskapet aleine tok fleire timar.
Bakt atten ringars kransekake i lag med Tonje.
Henta heim montert bunad.
Kjøpt grøne strømpebukser til døtrene mine.
Kjøpt sko til Sunniva.
Handla lys og serviettar.
Hengt fire maskinar nyvaska tøy ut i sola.
Laga bordkort i lag med Sunniva med hjarte på og dikt i.
Vaska stova. Det tok utruleg lang tid, men nå er det lyspærer i taklampa for første gong på lenge.
Skrive ein halv tale.
Leita meg gjennom store mengder gamle fotografi.
Blitt fylt med takksemd og vemod i samband med punktet over…
Vore på ein veldig fin samtalegudsteneste der konfirmantane bidrog med lysbilete, tale, song og dans.

Dette har eg ikkje nådd endå:

Skriva song.
Laga songhefte.
Koka gome.
Rydda og vaska soverom og loft.

Var det ikkje meir? Kanskje eg ligg godt an?
Eg nynnar på songen :
“Nå er det himmel og jord om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra”-
medan eg kastar sjølvironiske blikk mot meg sjølv i spegelen og blunkar til meg sjølv med høgre auge…

Og det er faktisk uvanleg reint i store deler av huset så lenge det varer…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Du har varit väldigt duktig!
    Vad är gome?

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk, det treng eg å høyra.
    Gome er typisk vestnorsk mat trur eg. Ein kokar sprengt mjølk og egg og sukker i mange timar, Det blir ein slags søt, brun ostemasse. Det smakar kjempegodt, og blir tradisjonelt brukt i store anledningar som barnedåp, bryllaup og konfirmasjon, men mange kokar det og til jul. Ein et det med teskei i saman med lefser, som på vestlandet er tynne, tynne kaker steikt i store flak på bakstehelle. Før bruk blir dei oppbløytte i vatn, smurt med smør og sukker, bretta saman og ete i passe oppskorne bitar. Var dette forståeleg, mon tru? Finst det noko tilsvarande i Sverige?

  3. Heidi: permalink

    Og forresten: Luka bedet framfor huset gløymte eg å få med på lista over ting som skal gjeranst. 😉

  4. Anonym permalink

    Viss du greidde alt det der på ei helg, då er du supereffektiv!
    Eg har aldri vaska verken stove eller kjøkken før konfirmasjonar, men det er jo eit godt høve. Men eg har baka lefsa mi sjølv, og det er og noko.
    Lukka til med konfirmasjonen!

  5. Heidi: permalink

    Lefser? Så flink du er. Eg hadde aldri klart å kjevla dei tynne nok og få til å steika dei.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: