Ei helg å kvila lenge i…
Overskrifta er eit paradoks, sidan det på sett og vis har vore ei helg å sova lite i…
Eg har hatt ei septemberhelg i Oslo i lag med lærarskulevenninnene mine, og slike helger er noko av det beste eg veit om.
Bare ein kjem seg på toget, søkklasta med bøker til reisa, så er jobben gjort og helga kan opna seg. Sju og ein halv time på toget, då får ein gjort ein del, – i alle fall dersom ein får sitja rett veg og slepp å bli kvalm.
Det gjorde eg på vegen bort. Eg fekk lese ut boka om ad/hd, lese masse spansk, teaterstykket om Snødronninga, som me vil setja opp med dei eldste teaterelevane, og Tove Nielsen sin siste roman “Vingetyven”. Innimellom drakk eg kaffi, såg på gule septemberskogar frå togvinduet, åt cashewnøter og støtta Odd Christian i at han heiv seg på første buss og reiste heim, fordi han var så sjuk at det ikkje var kjekt å vera aleine i Bergen om nettene.
Vel heime etter ein lang busstur fekk han diagnostisert at han har gått med lungebetennelse. Då er det best å koma seg til ro i foreldreheimen, sjølv om mor altså i dette tilfellet hadde teke med seg den amerikanske blå trillekofferten og reist av garde…
Vel framme var det mottakingskomite på Oslo S, og indisk restaurant med fisk i sterk og krydra saus…
Då me vandra oppover Karl Johan sånn litt utpå kvelden dundra og lyste det i fyrverkeri medan ulike musikarar spelte frå scener og fortau. Kulturnatt kalte dei det visst, og me kunne ha sett gratis film på operaveggen om me ville… I staden vart det hotelromet, for me hadde jo ikkje snakka saman på så lenge.
Sidan vart helga ekskursjon på operataket, møte med Eva Mari, som kom med ein liten nysydd smaragdgrøn kjole i veska, litteraturforedrag i litteraturhuset, haustutstilling på Kunstnernes hus, “To kvinner,” på nasjonalteateret, Thailandsk mat, forsøk på å halda oss vakne lenge nok til å fullføra alle samtalane våre i ei stor hotellseng, og gudsteneste i Uranienborg kirke.
På sundagen fekk me heia Torbjørn fram i Oslo Maraton,
og besøkt eit par kafear før det var togtur heim. Denne gongen strevde eg litt med å halda meg vaken, og kjøpte
sterk kaffi i restaurantvogna i håp om å unngå å falla i søvn, slik at eg ikkje kom meg av toget på rett stasjon…
Då eg kom heim seint på natta, måtte eg jo snakka med Odd Christian som var litt betre enn då han kom heim. Klokka var to før eg var i seng…
I dag har eg vore barbeint Sokrates og halde filosofitime for heile sjetteklassetrinnet. Ingrid kom heim på haustferie, og sidan eg plutseleg hadde fire barn heime att, heldige meg, måtte eg baka litt kanelbollar og invitera ungane sine besteforeldre ned på kaffi.
Nå må eg førebu eit møte eg skal ha i morgon. Det var jo eg som skulle leggja meg grytidleg… Koss har eg kome til å gløyma det, mon tru…
Henrik har gitt meg ein cd med femhundre bilete frå Sunniva sin konfirmasjon. Me held på å lasta dei ned. Eg gler meg veldig til å sjå, men det blir kanskje ikkje før i morgon…
Heidi
Kjekt å høyra om Osloturen. Litt av eit program!
Ja, heilt topp. 🙂
Ein eg kjenner vart litt skuffa over å ha vorte nemd i ein halv setning….. Elles har eg vore guide på Operataket i dag i postsommarlege vindar, saman med ein kjend kunstnar frå Polen, skulptør… som vitja dottera. Dottera studerar «Kunsthistorie» på Blindern. Me sat 2 timar på ein benk på Aker brygge og åt økologiske epler frå bondelandet… Kjekt… plutseleg passerte ein viss adm. dirr. som me fekk stogga i svevet til London, med mellomlanding Tigerstaden. «What a coincidence!»
Ein halv setning nei, heile teksten handlar djupast sett om deg 😉 Skulle gjerne vore på operataket og brygga med deg og skulptøren og adm dir…