Gå til innhald

Tankar om å møblera eit liv.

september 21, 2008

Det er tre ting det er viktig å få plass til i eit liv, sa han i sist veke. Dei tre tinga er Gud, medmenneska dine og deg sjølv. Dersom du gjev for stor plass til andre ting, risikerer du at det blir for trongt for det som verkeleg betyr noko…

Dette har eg tenkt på i ei vekes tid, og eg trur at det han seier er sant. Ein må reflektera over kva som er det viktigste og handla ut frå det…

Materielle ting, usjåande, aktiviteter og alt anna er underordna dette å ha plass til Gud og medmenneske.
Nå kan dette brukast som eit subtilt og kreativt forsvar for at eg ikkje brukar meir tid enn eg gjer med vinduspussarutstyr, sølvpusseklut og pausar i frisørstolen…

Sjølvsagt er den estetiske og kulturelle dimensjonen viktig, og sjølvsagt treng me ein viss basis av klede, mat og husvere.

Likevel. Eg trur at det eg verkeleg treng i livet mitt for at eg skal vera på plass der sjølv er Gud og medmenneske.

Slik kan ein filosofera ein sundag føremiddag i pausane mellom alt ein skulle ha gjort.

I dag ville mi høgt elska bestemor ha fylt 105 år om ho framleis hadde levd. Det er allereie er femten år sidan den natta ho sovna inn for godt.

Det er rart å tenkja på det og.

I dag har eg hatt sundagsskule, og eg har ei eplekake i omnen.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Gerd permalink

    Takk for du tok vare på gyngehesten den har begge jentene mine brukt:

  2. Heidi: permalink

    Nå står han hos meg. 😉 Blir lånt ut ved behov…

  3. Anonym permalink

    Har du sundagsskule og?? Alt du får tid til! Men der gjeld det både Gud og medmsk på ein gong…..
    Eg las …ei bok… der eg blei oppfordra til å takka for noko kvar dag. Eg gjorde det ei tid. Kvar kveld skreiv eg ned noko eg ville takka for. Å skriva er poenget. Då såg eg fort kva det var som var viktig for meg. Det skal eg ikkje røpa, men prøv sjølv, så vil du sikkert gjera same erfaring som meg.
    Så kan du skriva om erfaringa i bloggen 🙂

  4. Wenche permalink

    gløymde å skriva kven som skreiv i sist kommentar. Det var ikkje meininga….

  5. Heidi: permalink

    Var det «Veven» av Lönnebo du las?
    Ei fantastisk bok!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: