Eg
Eg er ei kråke
bustete og svart
med skjerande songstemme,
Eg er ein katt
smygande på mjuke potar
ut og inn i smutthol og irrgangar.
Eg er svulmande raude jordbær
bada i kvit mjølk,
er glovarm krydderte
og ei kanelduftande nysteikt eplekake,
ein platespelar som kvernar
gamle sprukne og sentimentale 78-plater,
ein rosa sykkel
med store nostalgiske ballongdekk
og blanke spiler,
eg har fletta korg på styret,
og er klar for sjølvaste Amsterdam.
Eg er ein frekk oransje løvetann,
eit rundslipt svaberg
for kjærteiknande bølger,
vare tonar i ei tverrfløyte,
ein blomstrete gammal sofa
som nokon bare elskar,
ei marihøne i prikkete kjole.
Eg er eit lite, kvitmalt kapell
ytst ute i havgapet.
Heidi.
Bakgrunnen for dette diktet kan du lesa i bloggeinnlegget under. Når ein skriv i lag med store barn kan ein tillata seg å flørta med klisjear…
Å, men så fint, Heidi!
Takk, søte du.
Ja, det er du, Heidi! – og i tillegg ei smilande venninne med dei varmaste klemmar 🙂
Tusen takk, Inger. 🙂
så flott! I dag henta eg di kjære dotter og kjærasten hennar til nokre knappe timer hos farmor og farfar. Veldig koseleg å sjå dei.
Så fint Eva Mari. Takk skal du ha…
morsomt dikt, spes: Eg er ein frekk oransje løvetann.. hehe 😉
Hei Borghild! Vinkar til deg, kjekt å sjå deg her. Eg har vore på bloggen din og sett på fine bilete. Du er så flink.