I går var eg nesten barn
og barnebarn på heiltid. Sjølv om eg var mor og nesten svigermor på same tida. Far kom ned om morgonen og henta meg og Oddvar og Ingrid. Oddvar hadde lyst til å helsa på Ingrid si oldemor, og far hadde lyst til å visa fram heimbygda si.
Farmor tok i mot oss med koteletter i brun saus og nykokte mandelpoteter. Ho hadde kokt dei med skalet på, for ho hadde høyrt at dei skulle bli best då, men ho skrelde dei på kjøkkenet før ho la dei i potetskåla. Til dessert fekk me fruktkoctail med krem. Måltidet smakte veldig godt.
Når eg sit ved farmor sitt bord er det litt som å vera barn igjen. Farmor er blitt veldig tynn og heilt kvithåra men ho er framleis kvikk og effektiv når ho småspring til og frå bordet med fata sine. Ho er den sprekaste 92-åringen eg har møtt i heile mitt liv, men seier at nå merkar ho tyngden av åra. Eg er så glad for å få ha henne litt til, det er som å vera barn på overtid. Kor mange har framleis ei farmor å gå til når dei er nærmare femti enn førti?
Me fekk ein prat aleine medan dei andre kjørte tur. Eigentleg var ho mest oppteken av å snakka om aktuelle ting i tida, ting ho hadde lese i avisene og sett på dagsrevyen, og om familien. Men litt tankar delte ho med meg om det å koma i så høg alder. Livet har mange utfordringar…
Ho fortalde at då dei gifta seg hadde ho nettopp fyllt tjue år. Farfar var tre år eldre. Dei hadde kjøpt seg gard, og folk meinte det var litt av eit kjøp. Huset og løa var veldig nedslitne, og folk sa at det spøkte på låven fordi nokon hadde hengt seg der. “Kva tenkte du då?” spurte eg.
“Nei på den tida var alt bare kjekt, og spøkelse har eg då aldri vore redd for,” sa farmor.
I dag er det slutt på den midlertidige barndomen. Det er
arbeidskrevande å vera matmor for ein stor gjeng tenåringar. Eg lesste oppi ei handlevogn i store haugar. Då hugsa eg korfor eg ikkje får til storhandel ein gong i veka… Det skjer noko med meg når eg skal handla og betala store mengder matvarer. Det kjennest bare for mykje… Litt om gongen ligg meir for meg, eg er ingen stor planleggar.
Eg kjenner litt på dilemmaet mellom ulike roller. Gjerne vil eg vera mor og husmor og servera dei velsmakande retter og nybakte bollar og brød i eit ryddig hus. Det går bare ikkje heilt i hop når eg har så mykje anna arbeid eg må prøva å få unna. I dag har eg vore seks timar på skulen og jobba. Det vart rydding i papir og førebuing av utviklingssamtalane med elev og foreldre. Det var godt å få ei skikkeleg økt.
Elles så fekk eg helsa på Daniel i dag, den nye kjærasten til Elisa. Eg håpar eg får sjanse til å bli betre kjend med han etterkvart…
Heidi