Mørket er et mysterium.
Ingen veit kva som skjuler seg.
Mørket er naturen sin stemme:
Gjer det nå!
Men eg veit ikkje kva mørket vil eg skal gjere.
Ting gøymer seg.
Det er vanskeleg å finna i mørket.
Leiter du etter ein person er du fortapt.
Fortapt i mørket.
Fortapt i det store mysteriet.
Dette er ikkje min tekst. Teksten ovanfor er henta frå skrivemappa til ei jente på skrivekurset mitt. Ho er tretten år gammal. Sidan eg ikkje har spurt henne om lov, kan eg ikkje fortelja kva ho heiter. Men eg synest ho er ein veldig begava skribent. Sjå opp for komande forfattarar.
Eg har brukt fire fem timar i dag og på å velja ut elevtekstar til boka me skal laga, og skriva dei inn på pc-en min. På kurset skriv dei med blyant eller penn. Eg synest eg kjem nærmare dei på den måten. Det er spennande å sitja her og fordjupa seg i tekstar skrive av jenter på elleve til fjorten år. Tekstane fortel mykje om dei som skriv. Sannsynlegvis meir enn jentene sjølv skjønar. Det ligg eit ansvar i å vera publiseringssjef…
Eg er glad for å sjå at dei brukar kvar sin stemme sjølv om dei til ei stor grad har jobba med dei same oppgåvene.
Men heilt har eg ikkje isolert meg frå påskefeiringa. Me har hatt påskefrukost her i dag. Ingrid stod opp med meg to og ein halv time før gjestene kom for å hjelpa til. Det trengdest. Eg er ein stor tidsoptimist. Men me rakk å baka focacciabrød, sjokoladekake og grove rundstykke før gjestene kom. Ingrid laga eggerøre, la pålegg fint på fat, dekka og pynta bordet medan eg prøvde å organisera meg sjølv og alle deigane. Merkeleg kom me i mål…
Det vart eit fint besøk. Gjestene ramla inn med kaffi, jus, smør og heimelaga leverpostei. Martin friskmelde huset etter vannlekkasjen i går. Det er fint at vennene sine barn etterkvart har fagbrev som tømrarar og andre nyttige saker. Før var påskefrukosten vår i større grad eit liturgisk måltid enn det det er nå. Med tenåringsbarn er det litt grenser for kva krumspring det er i orden å setja i gang… Men me fekk då sunge litt.
Deg være ære
Herre over dødens makt.
Evig skal døden være Kristus underlagt.
Kvar gong eg syng denne teksten tenkjer eg på at eg ein dag skal laga ein spørrekonkurranse der eg spør kva for nokre dyrenamn som skjular seg i ein del songtekstar.
Akkurat denne songen skulle vera lett for alle salmesyngande nordmenn…
Nå er eg litt overtrøytt og lite seriøs kjenner eg…
Eg er eigentleg ferdig med rasjonen min av elevtekstar for i dag, men jobbar litt på overtid. Det gjev ei god kjensle…
Viss sola framleis er utanfor døra mi i morgon lovar eg på ære og samvit å koma meg ut på tur.
Heidi
Dyrenamn?? Takk for igår – me hadde gleda av at Ingrid og Oddvar stakk innom seinare på dagen!!
Takk for i går og. Ja kva for eit dyrenamn finst i Deg være ære? Dagens påskekonkurranse 🙂
—-«Mørkets makter bever»…
Hehe…æg tog ann!
Så flink du er…
Bevares !!! Det var liksom ikkje den sangen eg tenkte på då eg såg en bever i Kvinesdal på tirsdag
Bevares !!! Det var liksom ikkje den sangen eg tenkte på då eg såg en bever i Kvinesdal på tirsdag
Eg har litt barnsleg fantasi på det med ord. Eg må innrømma at kvar gong eg syng denne fine songen så dukkar det opp ein liten «mørkestsmakterbever». Han forstyrrar ikkje heile biletet, bare sit der i eit hjørne og får meg til å smila…
– Still crazy after all these years…
Fint at huset er friskmeldt!
Ja, bare slappa av du… Vatnet vart drenert ut gjennom den eine spoten…
Ja – en bør installere spoter overalt!