Gå til innhald

This little light of mine

april 12, 2009

I`m gonna let it shine…
Sunniva og eg reiste til midnattsgudsteneste. Helst ville eg hatt med meg alle ungane, men i år vart det oss to. Ho var i strålande humør, og me song i bilen oppover mot kyrkja: Så skimrande var aldri havet, og Deg være ære.

Det er så fin symbolikk i påskegudstenesta. Mørket inne i kyrkja og lysa som blir tende av lys frå Kristuslyset slik at alle får sjå. Leif Olav i kvitt som ein Kristusskikkelse framme i koret under dramatiseringa.

Noko av det sterkaste for meg i natt var songane og liturgiane som me sa fram i lag. Eg skjelna røystene til folk eg set pris på både på sidene, framfor meg og bak meg. Eg kjende at eg kunne kvila i stemmane som bar meg gjennom trusvedkjenning, Fader vår og O salige stund uten like.

Sunniva og eg gjekk fram til nattverd i lag. På veg ned passerte eg Ståle og me møttest i eit handtrykk og eit blikk. Ståle er berar av eit av mine største traumer. Det var han som vart forbrend i anskiktet den gongen eg var uforsiktig med eit stormkjøkken for fire år sidan. Kvar gong eg ser han takkar eg Gud for at han ikkje fekk varige mein.

Ute på kyrkjegarden blir me ståande og pråva å halda liv i kvar våre brennande stearinlys. Me opplever alle at elden sloknar og at me må gje einannan varme. Til ei kvar tid er det nokon som kan dela flammen sin med dei som mister sin. På den måten held me liv i lysa heilt til me har sunge oppstandelsessongen og presten har bede oss gå i fred og tena Herren med glede. Sunniva er litt uroleg for det lange flagrande håret mitt, og prøver å passa på at eg held det vekke frå alle dei små flammane.

Etterpå stel eg til meg ein klem frå Thomas, som eg hadde i klassen min i seks år. Det er så fint å sjå dei att som unge flotte vaksne menneske. “Korleis hugsar du barneskulen?” spør eg. “Som den beste tida,” svarer Thomas. Slike svar gjer meg glad. Av og til kjenner eg på kor utruleg stort ansvar me har i skulen. Foreldra betrur oss det finaste dei har.

Sunniva tilbaud skyss til ein som ikkje visste korleis han skulle koma seg heim. Eg liker måten Sunniva behandlar folk på. Ho har eit varmt hjarte.

Nå skal eg ta meg tid til å kikka på dagens aviser, for så langt har eg ikkje kome ennå. Eg må bare hugsa at eg må koma meg opp i anstendig tid i morgon, for eg skal vikariera som kyrkjevert. Det vil mellom anna seia at eg må vera der før dei andre kjem for å ynskja dei velkomen og god påske…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: