Gå til innhald

Sundag og sånn.

mai 24, 2009

Eg hadde skam å seia tenkt å la vera å gå til gudsteneste i dag for å gje meg sjølv eit kvileskjær, men då eg skjøna at kjærasten min hadde tenkt seg til lokal gudsteneste borte på skulen, kunne eg ikkje stå i mot.

Leif Oscar har ofte kreative innfallsvinklar. I dag kom to damer berande inn på ei utstillingsdokke utan hovud. Dessverre hadde ho fått ein ekstra knekk i hofta og, så det var vanskeleg å få operert hoftene på plass utan å kle av henne. Men etterkvart kom ho seg på beina og fekk eit slags hovud og.

Desse bydelsgudstenestene er heilt annleis enn dei i den store kyrkja. Det var fint å vera der, etterpå vart det invitert til grilling i gapahuken utanfor kyrkja, og til ære for ungane hadde dei fått låna ei stor hoppemadrass frå sundagsskuleforbundet.

Etterpå gjekk eg og Ingrid lang tur langs stranda. Det glimta til med sol innimellom, og strengt tatt kunne eg klart meg utan ullstrømpebukse under buksa, men veldig varmt er det framleis ikkje her. Eg har hatt det litt for travelt dei siste månadane til å passa på at eg får nok trim, men frå nå av er det full skjerping…

Utdrag frå intervju i lokalavisa i anledning 100-års dagen min:
“Ein av grunnane til at eg er i så god form er at eg kvar einaste dag sidan den dagen eg fylte 48 år har gått lange turar, sykla, symt eller dansa. Eg er faktisk i fysisk betre form nå enn eg var då, kor merkeleg det enn må høyrast ut…”

For visst har eg ikkje dansa og. Etter ein tur på jobb dansa eg salsa med ein gjeng salsafrelste menneske. Dessverre er eg langt frå deira entusiasmenivå, men god trim er det nå utvilsomt likevel… Sjølv om eg må innrømma at eg stakk litt før tida fordi eg måtte finna ut meir om den politiske bakgrunnen for “Fiddler on the roof”, og dessutan finna ut ein del fakta om Dalai-Lama, før morgondagen skulle koma.

Nå gler eg meg til å ta med meg ei lita perle av ei bok i senga. “Vona og livet”, av Torvald Tu. Eg visste ikkje at han hadde skrive romanar. Det er ei sjarmerande heimstadskildring frå 70 år tilbake, og handlar om alle ting om frustrasjonane til eit barnlaust par.

Eg ser at bloggen min i det siste har gjenspegla mine litt sære litterære interesser… Merkeleg eg? Nei ikkje i det heile tatt…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Gunn permalink

    Hvis det er sant at en god latter forlenger livet……..så blir du intervjuet på 150 års dagen din og

  2. Heidi: permalink

    Ja og du kjem til å lesa og lura på om det ikkje er noko kjend med den jubilanten. 😉

  3. Torhild permalink

    Som vanleg glimrar eg med fråvær av gratulasjonar på dagen din….at det går an!! Gler meg til 100 årsintervjuet – rart å tenkje på at du er 48 år…det høyrest ganske vakse ut!!Ha ei flott veke, kva ynskjer du deg til dagen din??

  4. emma permalink

    «…og innimellom trimmen har ho til alt overmål gitt ut 4 diktsamlingar det siste året (2061). To av desse er no nominert til Nordisk Råds litteraturpris. I fjor kom den velkjende «Døtre av gleda» ut i nytt opplag.»
    Heid: eg har skjønt det no! Livet er framføre oss! 48 år; pytt, pytt! Alternativet er heilt anna…

  5. Heidi: permalink

    Torhild: Ein time eller fire i lag med deg, mi kjære.
    Emma: Eg har gått rundt i over eit år og sagt at eg er førtiåtte fordi eg av og til reknar feil i hovudet. Den amerikanske presidenten blir rekna som skikkeleg ung endå han er på vår alder. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: