Gå til innhald

Vona og livet.

mai 30, 2009

Romanen eg har lese i denne veka av Torvald Tu reiser forbausande moderne problemstillingar: Ekteparet Gunvor og Tor Hespe har levd barnlause på garden Søre Hespe i 18 år. Begge hadde dei drøymd om ein stor barneflokk.

Tor, som hadde hatt to funksjonshemma sysken som nå var døde, mistenkte at det var hans gener det var noko gale med. Gunvor kom frå ei slekt der alle var sterke og sunne, og sjølv var ho vakker, ung, optimistisk og sterk på tross av sorga over barna dei aldri fekk. Då gardsguten Asle, som har vore hos dei i fleire år, bestemmer seg for å emigrera til Amerika, får Tor idéen om at Asle kanskje kunne bidra til å laga ein arving til garden før han dreg…

Gunvor blir gravid og alle er glade, men så kjem alle problemstillingane. Tor klarer å overbevisa seg sjølv om at han må vera rett far til barnet trass alt, og Gunvor sender jamnleg brev til Amerika utan å fortelja det til Tor.

På bygda blir det folkesnakk om at veslejenta på Hespe, som er faren sin augnestein slett ikkje liknar på nokon på garden.

Ønsket om eit barn er noko sterkt og universelt for veldig mange. Eg kjenner parallellen til bloggar eg har fulgt på nettet med stor interesse. Eg har lese bloggen til gaypappor, to homofile menn som har blitt far til kvar sitt barn med den same surrogatmora. Eg har lese bloggane til både lesbiske og heterofile kvinner som dreg til Sverige for å bli kunstig inseminerte. Nokre av dei har eit utall mislykka forsøk bak seg, og har brukt veldig mykje pengar på prosjektet.

Viss nokon av lesarane er spenfe på kva konklusjon og moral dette innlegget skal enda opp i, så vil eg bare seia at eg forstår alle saman veldig godt. Ynskjet og draumen om å bli mor har alltid lege veldig sterkt i meg. Eg har elska å bera fram dei fire barna mine, og var det opp til meg ville eg gjerne hatt både to og tre til.

Problemstillinga på Søre Hespe går på ein måte igjen i vår tid. Kor langt skal ein gå for å skaffa seg eit barn.
Og dei var djupt takknemlege for barnet dei fekk, sjølv om det uortodokse valet førde med seg større kjenslemessige utfordringar enn dei hadde sett føre seg;
sjalusi, mistru, forvirra kjensler, anger, tvil og folkesnakk. Kanskje eg får konkludera som Sigrid Unset gjorde for ein mannsalder sidan: “Menneskehjertene forandrer seg ikke.”

I morgon skal eg ha sundagsskule og forsåvidt fortelja om eit menneskehjarte som forandra seg. Eg skal fortelja om Paulus som vart stoppa på vegen til Damaskus av eit syn. Livet vart snudd på hodet, og frå då av vart alt forandra.

Eg har lese om Magnus Malm i avisa i dag. Eg kjenner til han frå fleire Korsvei-festivalar, og han blir av mange sett på som ei bortimot profetisk røyst inn i vår tid. Han meiner at kristne bør våga å vera annleis, å skilja seg frå massane og trendane i tida. Han nevner spesielt haldningane til pengar og materielle ting. Eg las i avisa i går om menneske som vel å leva alternativt gjennom å gå inn i kommunitetar der dei gjev avkall på å ha eigne pengar. Dei lever for å tena Gud og medmenneske. Nokre i tradisjonelle klosterordenar, andre i nyare variantar av eit liv i enkelheit, forsaking og for ein del av dei, eit liv i sølibat.

Det å gje seg heilt over i noko, appellerer på sett og vis til meg. Eg vil gjerne gjera det eg gjer heilt og fullt og på alvor. Samtidig er det ein farleg grenseoppgang til fanatisme.

I ein song frå min idealistiske ungdom song me:

Høsten er moden,
arbeiderne få,
hvem skal jeg sende,
hvem vil gå…

Og svaret kom lenger ute i songen:

Jesus her er jeg send meg,
jeg vil leve mitt liv i tjeneste for deg,
Jesus her er jeg, send meg…

Skulle nokon sakna ein raud tråd i denne teksten, så er eg ikkje heilt sikker på om han finst. For midt i alle mine påstandar om at eg gjerne vil gjera ting heilt og fullt og skikkeleg, så er eg meiningslaust glad i trådstumpar. Eg har strikka mykje rart av restegarn opp gjennom åra.

Og dagen har vore latare enn eg eigentleg hadde tenkt. Eg har hengt opp klesvask og sett undulatane ut i den fine sola. Så angra eg meg, for eg vart engsteleg for om det var for mykje trekk for dei, og så bar eg det store tunge buret opp på loftet att…

Eg har vore på tur ute i marknadsgatene med Arne og kjærasten min. Så har eg og Ingrid og mor og far og syster og svoger grilla i den flotte hagen der oldeforeldra mine ein gong slo seg til. I kveld var eg invitert til jentekveld hos Karin, og hadde veldig lyst, men fant ut at med ein familie som mest ikkje har sett meg i det siste, og sundagsskule i morgon, så fekk eg halda meg heime.

Så gløymde eg å fortelja noko viktig: Dette har vore den første verkeleg varme forsommardagen.

Og for å dra trådane tilbake til Torvald Tu og overskrifta:
Det må vel vera dette det meste dreier seg om: Vona og livet…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: