Gå til innhald

Landkrabbe på segltur.

juni 29, 2009

I dag debuterte eg i seglarverda. Heldigvis var me så pass mange om bord, at eg stort sett slapp unna oppgåver eg kunne mislukkast i, eller laga farlege situasjonar ut av. Men eg forstod at det å manøvrera ein førti fots seglbåt er ikkje bare bare… Sidan det var heilt uvanleg vindstille på sjøen, var det til god hjelp at det var motor og i båten.

Eg var litt skeptisk då me la til inntil eit svaberg, og måtte hoppa i land, men jammen fekk me meg ikkje trygt i land. Eg og Anne Mette representerte dei nokså urutinerte, medan namnesyster Heidi var ein driven seglar, som stod framme i baugen og hoppa i land for å slå boltar i berget. Eg lot meg grundig imponera.

Om nokon dag utpeikar seg som den perfekte sjødagen, så må det vera i dag. Me var på holmen i nokre timar, og grilla deilig mat på ei rist over ei hole i svaberget. Det vart ein slik sommardag som ein drøymer om heile vinteren, og dagar i lag med ein gjeng av våre eldste og beste venner er alltid som ein oase i tida.

Vel heime att var eg invitert til Inger, som feira at ho var ferdig med ein ny runde kyrkjetekstiler etter ei lang sjukemelding på grunn av vonde hender. Eg dukka opp sann ca klokka halv ti med ein stor bukett sjasminar frå onkel sin hage. På vegen opp kryssa eit pinnsvin vegen rett framfor føtene mine. Det er det første eg har sett i sommar.

Det var kjekt å få sjansen til å beundra stola, mesehakel og preikestolklede, som Inger hadde vove og brodert. Ho er veldig flink, så viss nokon er i posisjon til å bestilla kyrkjetekstiler, så legg eg gjerne inn varme anbefalingar.

Dei siste gjestene kom rundt midnatt, og nå er eg akkurat heime. Det er noko herleg befriande sommaraktig med å besøkja folk sånn omtrent midt på natta. Eg har høyrt at det gjer dei i Finnmark i Midnattsol-perioden midt på sommaren, og nå får me rett og slett ein smak av det på sørlegare breiddegrader og. Og det lukta så godt av sjasmin ute i natt.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. emma permalink

    Sjasminduften heng over Haslum for tida også. Har vore ned til sjøen og bada fem kveldar på rad. I går kveld var eg og Marko i sjøen kl. 23.00. Utruleg deilig! I dag har eg fri og skal kose meg med hårklipp og ettermiddagsselskap i Lommedalen. Rikard har vore her nokre dager og det er veldig koselig.

  2. emma permalink

    Dessutan høyrdes det fantastisk ut på seiltur.

  3. Heidi: permalink

    Så deilig det øyrest ut. Eg har framleis årets første sjøbad til gode. Og seglturen var verkeleg flott.

  4. Skylla permalink

    Åh, en igelkott! Det har jag inte sett någon sedan jag flyttade till Dalarna. De är så söta med sina runda rumpor. Min smultronschersmin har ännu inte slagit ut, men det står en vanlig utanför grannens staket och den känner jag doften av ibland. Underbart!

  5. Heidi permalink

    Her er det ganske mange piggsvin. Dei er kjempekoselege å ha rundt dørene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: