Gå til innhald

Rips og grøne stikkelsbær.

august 8, 2009

I natt kom Oddvar og Ingrid frå Danmark. Eg hadde lova å vera roleg på morgonen slik at dei skulle få sova, men Ingrid er mykje meir A-menneske enn meg, så i dag morges var det ho som kom inn til meg for å klemma meg velkomen heim. Ho ynskte seg heimebakte rundstykke til frokost, og slikt kan ein ikkje seia nei til etter å ha vore frå ein annan i over ein månad. Ein time seinare sat eg, ho Oddvar og Hallvard ved kjøkkenbordet og åt varme rundstykke med ost og smør.

Eg har ikkje hatt bil desse dagane, men nå var han kome heim att. Eg hadde avtale med mor og far om å koma å plukka bær. Sidan bæra var godt mogne, og dei melde regn i morgon, tenkte eg at dagen gripast. Eg fekk med meg Oddvar og Ingrid, så slapp eg å kjøra sjølv.

Kvar gong eg har vore lenge borte ser eg på det norske livet mitt med nye auge. Eg ser huset mitt med friske auge, legg merke til kor mykje ungane har vakse, og oppdagar den norske naturen på ny. Eg ser at det er grønt og frodig og blondt, og eg ser kor fint det er med steinar og gras og masse sauer langs vegen.

Eg plukka ti liter sprengmogne rips, og far plukka ti liter grøne stikkelsbær til meg med hjelp frå Oddvar.
Så fekk me kaffi og mat ved kjøkkenbordet i foreldreheimen min.

I kveld har eg hatt venninnebesøk med rømmegraut med sukker og kanel, spekemat, eggerøre, mozarellaost med tomater og basilikum og friske bær med is og vaniljesaus til dessert. Ikkje dum meny i det heile tatt. Snart skal me til Roma. Det blir fint. Akkurat nå har eg forøvrig nok med å prøva å landa i Norge med heile meg.

Klokka går mot halv fire om natta, og eg er ikkje ferdig med å rydda etter gjestene. Eg lever med andre ord etter den lyriske teksten om ikkje å sova burt sumarnatta…
Problemet er bare; Når i all verda skal eg ta meg tid til å sova?

Heidi

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    fd Skylla permalink

    Nu har jag hittat flera ord jag inte förstår: «sauer», «rips» och «rømmegraut».
    Och välkommen hem! Det glömde jag skriva sist jag var inne.

  2. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Takk skal du ha. Har du verkeleg forsvunne som Skylla? Så trist. Trist heile greia på hypodea! Men fotobloggen den andre staden finst vel under det andre nicket? Kan eg finna deg nokon annan plass?
    Rips trur eg heiter röda johannesbär på svensk. Sauer er får, altså vaksne lam, og rømmegraut er grøt kokt på syrna fløte (sur grädde). Trur ikkje dei brukar rømme i Sverige, i Norge er det mykje brukt i matlaging, som dressig på salat, som tilbehøyr til tacos og på vafler.
    Rømmegraut blir laga ved å koka opp rømme, røra i litt mjøl, og koka til rømmen slepper smøret, slik at smøret flyt opp. Dette er veldig vanlig tradisjonell sommarmat i Norge. Det blir servert med sukker og kanel, og spekejøt = tørt, salta og eventuelt røykt kjøt, og flatbrød. Rømme liknar litt på creme fraiche, men er syrna på ein litt annan måte. Rømme smakar litt friskare og litt syrlegare enn creme fraiche. Var dette forståeleg forklart? Har de noko som heiter gräddfil i Sverige? Kan det vera det same som rømme? Nokon som kan hjelpa?

  3. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    Trist å høre om Rasmus, godt PM fikk være der. Igår fikk jeg min salsafix

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Kva er ein salsafix? Å, du meiner at du fekk dansa? Avhengigheit er ikkje til å spøka med.

  5. Ukjend's avatar
    fd Skylla permalink

    Aha, rips = röda vinbär? Jag tänkte på vinbär, men svarta vinbär heter väl något helt annat hos er. Lustigt med «sauer», jag kan inte påminna mig om att jag har hört det förut. Rømmegraut har du nog fått förklara någon gång förut, jag tycker att jag känner igen det när jag läser.

    Nej, jag är borta från FF också.
    Jag hade faktiskt tänkt att be om plats på Andedräkt, för jag tycker att det är ett trevligt ställe, men så kände jag att jag ville längre bort. Du kan maila mig på arachne(at)spray.se om du vill.

Legg att svar til Leif Avbryt svar